Den landsomfattande konkurransen Ocean Space Race er eit konkret tiltak for å auke interessa for realfag og spesielt havromsteknologi. Der er både ein konkurranse for unge skips- og vindturbindesignarar, samt ein open klasse.

- Iherdig innsats og mange dugnadstimar førte til fortent seier for 4 TAA-klassen ved Måløy vidaregående skule. Juryen var imponert over design, dokumentasjon, finish og detaljrikdomem som dei unge skipsdesignerane viste fram under testane i havbassenget her i Trondheim, seier Rune Weltzien ved MVS som saman med Andreas Rundereim har vore instruktør for elevane.

I år var den store utfordringa for elevane i skipsdesignkonkurransen å designe eit skip som skal tole bølgelasta skipet vert utsett for.

- Elevane har jobba med dette prosjektet på fritida si i skulen sin gründerlab sidan skulestart. Dei har teikna fartøyet, berekna stabilitet, laga former og støypt skroget i kompositt og var seinast denne veka hos Stadt Towing Tank for ein siste test av konstruksjonen i bølgebassenget der. Dagen i dag vert brukt til å gjere dei siste modifiseringane, skriv MVS på sine heimesider.

Ocean Space Race (OSR) er eit av prosjekta i regi av Samarbeidsforum Marin, og er ein årleg konkurranse i mars månad for elevar i den vidaregåande skulen med «Teknologi og forskningslære» på læreplana. Konkurransen vert arrangert av Samarbeidsforum Marin, SINTEF Ocean og NTNU i felleskap, opplyser MVS på sine heimesider.

I Trondheim møtte dei om lag 370 elevar andre elevar frå andre vidaregåande skular rundt om i Norge.

Det er femte gong ei elevgruppe frå MVS deltek i konkurransen, og dei kan sjå tilbake på gode plasseringar også tidlegare. Mellom anna har skulen også tidlegare vunne konkurransen i open klasse.

Måløy Vidaregåande Skule kan sjå tilbake på hederlege plasseringar i konkurransen, og mellom desse tidlegare plasseringane var det ei gruppe som vann konkurransen i Open klasse.