Politiet har kontrollar ved fleire skular i fylket.

Tysdag var dei på plass ved Svelgen skule i Bremanger kommune for å sjekke farten tysdag ettermiddag. To bilar vart stansa for å køyre for fort i 50-sonen.

Høgste fart var 70 kilometer i timen ved skulen, opplyser Sogn og Fjordane Politikammer.

To fekk bor for ikkje å bruke bilbelte.

Ved Ytrehus i Bremanger fekk to bot for å ha brote fartsgrensa i 60-sonen. Her var høgste fart 71 kilometer i timen.

Ein bilførar brukte ikkje bilbelte.