Ein forstudie av den gamle gymsalen ved Kalvåg oppvekst, som også blir nytta som forsamlingslokale, viser at det ikkje løner seg å renovere eksisterande bygningsmasse. Det er laga to skisser til nytt gymanlegg, der både styringsgruppa for prosjektet og SU ved Kalvåg oppvekst føretrekker det såkalla alternativ B (bildet), fordi det gir betre universell utforming, betre plassutnytting, stettar fleire basisfunksjonar for både skulen og lag og organisasjonar, gir betre bruk av underetasjen med separat inngang og stettar tilkomst til scena for rullestolbrukarar ved bruk av heis.

Denne grovskissa viser korleis det nye gymbygget/forsamlingslokalet kan bli sjåande ut frå utsida. I januar 2017 startar arbeidet med detaljprosjekteringa. Politikarane hadde ikkje innvendingar mot prosjektet anna enn at det blei stilt spørsmål ved val av flatt tak. Prosjektleiar Frank Husevåg forsikra om at dette ikkje var noko problem. teikning: nordplan

Nigardsøy, som også har vore med i styringsgruppa, seier ein ved å legge garderobane til andre etasje saman med gymsalen frigjorde plass nede, noko som gjer det enklare for korps, kulturskule, møterom for skulen og andre aktivitetar.

– Vi gjorde også same grepet med alt på bakkeplan då vi utvida barnehagen med tilbygg. I all offentleg utbygging tenker vi universell utforming, supplerer prosjektleiar bygg i Bremanger kommune Frank Husevåg.

Alternativ B var rundt 2 millionar kroner dyrare enn alternativ A, men ifølgje styringsgruppa verdt det fordi det dekker fleire behov. Det var også kommunestyret einige i, og torsdag stemte dei for å gå vidare alternativ B.

Må bygge rasvoll

I samband med forstudien blei det òg avklart at det må byggjast rasvoll i bakkant av oppvekstsenteret, og at vegen opp til gymanlegget som konsekvens av dette må gravast opp for å legge til rette for naudsynt drenering.

– Kommunestyret vedtok i 2012 reguleringsplan for av- og påstiging ved Kalvåg oppvekst. Og når vi først må grave opp vegen og gjere tiltak i det regulerte området, bør vi syte for å realisere reguleringsplanen som vil sikre tryggare trafikkforhold ved oppvekstsenteret, seier rådmann Tom Joensen.Målet er å ha nybygget ved Kalvåg oppvekst på plass innan 30. juni 2018.