Det er Stig Ervik, eigar og dagleg leiar i Ervik Havfiske Holding, som nyttar gode tider i selskapet til å byggje hotell på heimstaden. I tillegg til dei 12 romma i tilknyting til Furebuda som er under bygging og skal vere ferdig i oktober, er det konkrete planar om eit nybygg på nabotomta. Dette bygget blir like stort som Furebuda. Første byggetrinn er kostnadsrekna til 12 millionar kroner. Ervik står klar med ytterlegare 15-18 millionar kroner til nybygget på nabotomta, slik at totalkostanden blir om lag 30 millionar kroner.

Rekordresultat i fiskeri

Han la nyleg fram rekordresultat på 161 millionar kroner før skatt, og signaliserte at overskotet skal gå til vidare utvikling i selskapet og lokalmiljøet.

Då Fjordenes Tidende omtalte saka i vinter, var tanken å få på plass ferdige modular som kunne setjast saman.

– Den planen droppa vi, og valde å gjere det skikkeleg, seier Per Freisberg, dagleg leiar i Furebuda AS. Han fortel at planen er å gjere hotellet til ein motor både for reiselivssatsinga og for kultur og sosialt liv på Stadlandet. Det skal bli ein møteplass med kunstutstillingar, museum og konsertar. Furebuda har vore stengt i sommar i samband med utbygginga, men Freisberg håpar snart å opne restaurantdelen i helgane. Det er planlagt fire fast tilsette.

For tida er Freisberg i forhandlingar med Selje kommune om nabotomta. Han seier det er semje om det meste, men det gjenstår detaljar som å bli samde om pris.

– Spørsmålet om tomta der Hoddevikbuda står er komplisert sidan det er 14 grunneigarar, og ein klausul om at tomta skal brukast til allmennyttige formål. Kommunen er gjevne forvaltningsrett. Vi opplever mykje positivitet og saka er vedteken i kommunestyret. Det gjenstår å bli samde om kontrakt, mellom anna må det forhandlast om pris.

Skal bli ein møteplass

Planen for Furebuda er å gjere hotellet til ein motor både for reiselivssatsinga og for kulturlivet på Stad.

Per Freisberg er mannen som leiar hotellsatsinga i strandkanten på Leikanger. Han er dagleg leiar i både utviklingsselskapet og driftsselskapet på Furebuda.

Det fortel Per Freisberg, dagleg leiar i Furebuda AS. Han er dagleg leiar i både utviklingsselskapet og driftsselskapet på Furebuda.

Hotellet skal bli ein møteplass med kunstutstillingar, museum og konsertar.

Furebuda har vore stengt i sommar i samband med utbygginga, men Freisberg håpar snart å opne restaurantdelen i helgane. Det er planlagt fire fast tilsette.

– Når prosjektet er ferdig blir ny driftssjef tilsett. Meininga er at eg skal jobbe med nye utviklingsprosjekt, seier mannen med tysk opphav.

Ikkje mogleg å redde

Ifølgje Per Freisberg er Hoddevikbuda på nabotomta tvers gjennom falleferdig og umogleg å redde.

– Store delar av det originale bygget har falle i havet. Det er heilt urealistisk å redde det som står att. Men vi skal bygge opp att i same stil. Bygget på nabotomta blir cirka like stort som Furebuda, seier den daglege leiaren.

Tomta der hotellet blir bygd må kunne kallast indrefileten av tomteland på Leikanger.

Klausulen om at tomta skal nyttast til allmennføremål gjer at det ligg inne planar om både galleri, museum og konsertlokale.

– Vi kan lage bygdemuseum, fiskerimuseum og vikingmuseum – ulike utstillingar som gjev tilreisande kunnskap om livet her. Og vi har vore i kontakt med Kystverket med tanke på eit visingssenter for Stad skipstunnel, seier Freisberg og legg til:

– Her kan vere reiselivssenter og kunstgalleri der kunstnarar kan halde separatutstillingar. Hotellet skal stå for liv og røre her ute. Det skal bli ein motor.

Freisberg kom til Stad for å surfe og jobbe som dagleg leiar i Stiftinga Sankta Sunniva. Han var ein periode på veg bort, men kom inn i Ervik-systemet og er no etablert med eigen bustad i Borgundvåg.