Eit skipsvrak som bare er synleg ved fjære sjø utgjer ein fare for surfarar i Ervik. No ber Selje kommune om å få det fjerna før ei alvorleg ulykke skjer.

– Selje kommune ønsker å få skipsvraket anten fjerna eller sikra før det skjer ei ulykke, seier ordførar Ottar Nygård.

Han har no sendt brev til Miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane for å finne ei løysing på problemet.

Nygård fortel at kommunen tidlegare har blitt kontakta av folk som har vore bekymra for vraket som ligg på Erviksanden.

På folkemøtet om kommunedelplanen i Ervik måndag var vraket igjen eit tema og bodskapen er at folk ønsker det fjerna.

– Då tenkte eg rett og slett at eg tar tak i det og ser kva vi kan få til, seier ordføraren, som kjapt forfatta eit brev til Fylkesmannen.

Skipsvraket som ligg i havet ved Erviksanden er av stål og er skjult ved flo sjø, men bryt vassflata ved fjære sjø.

– Dette utgjer ein stor fare, spesielt for ukjende surfarar, som boltrar seg i bølgene og risikerer å bli «spidda» på skipsvraket, seier Nygård.

Det er restar frå vraket av lasteskipet Emsland som ligg på Erviksanden. Ifølgje fylkesleksikonet frakta frakta skipet kol og blei bomba i januar 1944 utanfor kysten av Ervik.

Les heile saka i vår papirutgåve måndag 4. november.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende