– Folk vil heller handle det dei skal ha til middag no, i staden for å kjøpe stort og legge i frysen, seier dagleg leiar Sylvi Røys ved Brødrene Larsen.

Fiskeribedrifta i Kalvåg har tradisjonelt levert forpakningar på 2,5 og 5 kilo, men no ser dei eit behov blant kundane for enklare og raskare løysingar.

– Folk vil handle og bruke det dei har med ein gang, seier Røys.

Inngått stor avtale

No tek Brødrene Larsen konsekvensen av utviklinga, og supplerer med mindre forbrukar-forpakningar på 1 og 0,5 kilo.

– Vi har kome inn i Coop-kjeda og i Norgesgruppen, og skal lansere fisken der i starten av juni.

Bremangerbedrifta er allereie eit par veker inn i produksjonen av dei nye porsjonspakningane.

– Det blir mellom anna breiflabbfilt, lysingfilet, brosmeloins og fiskebitar av ulik kvitfisk til bruk i wok eller suppe. Og det er beinfrie produkt, fortel Røys.For å få til nyproduksjonen har bedrifta bygd om og tilpassa bruken av maskinene sine.

– Vi trengde ikkje gjere dei aller største investeringane for vi hadde utstyret. Det måtte berre tilpassast småpakking og porsjonsinndeling, seier Røys.Førebels klarer dei seg også med same tal tilsette.

– Men om vi etter kvart ser at produksjonen på denne linja blir stor, så må fleire jobbe i fileten. For at vi skal ha ei effektiv linje må vi ha fire stykke der

Omsette for 30 millionar

I 2014 omsette Brødrene Larsen for om lag 30 millionar kroner. Det er opp 1 million frå året før.

– Det går ganske bra her med oss, seier Røys, som sjølv om ho ikkje har tal klare på fjorårsresultatet enno, kan seie at det ligg an til pluss i 2014.

– Kva vil denne nye linja ha å seie for omsetning og botnlinje?

– Det har vi eigentleg ikkje utdjupa så veldig fordi det er usikkert på grunn av den varierande råstofftilgangen. Derfor har vi heller ikkje i desse avtalane bunde oss til eit fast kvantum. I det siste har fiskeribedrifta fått inn mykje pale som no enten blir omsett til Sverige for panering eller singelfrose og gjort klar for vidare transport til Frankrike.

– Vi har fått inn 850 tonn pale hittil i år, men det er nok ikkje nødvendigvis meir enn vanleg. Det berre varierer når den kjem inn. I fjor var det i januar og februar. I år er det april og mai. Vi håpar det held fram, seier Røys og smiler.