Fredag tapte staten ankesaka om dispensasjonen fra naturmangfaldslova til å bygge kraftlinje gjennom naturreservatet Sørdalen i Bremanger. Dåverande miljøvernminister Bård Vegar Solhjell seier han trudde avgjerda i 2013 var i tråd med lova.

- Eg ser at dommen har fått eit anna utfall enn dei råda eg fekk, og det eg sjølv trudde var rett. Eg trudde avgjerda var i tråd med lova, seier Solhjell til Bergens Tidende.

Eks-ministeren seier det er to grunnar til at han kom fra til vedtaket om å gi dispensasjon. For det første fordi dei juridiske råda han fekk sa at dette var riktig. For det andre fordi det ville gi store utfordringar for kraftsituasjonen i Midt-Norge ved forseinkingar i byggingsarbeidet.

Solhjell avviser overfor BT at han blei pressa fra nokon andre i regjeringa til å fatte avgjerda.

Han innrømmer heller ikkje at det var feil av han å legge linja gjennom naturreservatet.

- Eg må ha respekt for at dommen, om den er riktig, kjem til ein annan konklusjon enn det vi gjorde, seier Solhjell.

Knut Elde, som var partsvitne i saka, og representerte grunneierne i lagmannsretten, meiner det er heilt absurd at grunneigarane kan vinne saka, og så likevel mest truleg få kraftlinja i Sørdalen.

- I praksis har ein jo ikkje rettstryggleik  på den måten, seier han til BT.

Dagar før rettssaka endra nemleg klima- og miljøvernminister Tine Sundtoft dei tidlegare svært strenge forskriftene for naturreservat slik at dei opnar for bygging av kraftlinjer.