Det vert eit gjensyn med musikarar som har vore i Bremanger før når Rockweekend går av stabelen til sommaren.

– Det er kanskje litt dristig å satse på ei slik ønskereprise med Mezzoforte og King Pleasure and the Biscuit Boys, men samtidig meiner vi at vi har god grunn til å få dei til Bremanger ein gong til, seier Roger Igland i Opplev Bremanger.

Denne helga slapp dei programmet og dato for Rockweekend 2016, og det islandske orkesteret og det britiske bandet er dei største namna på årets festivalprogram.

Får ein ny sjanse

– Det går enda gjetord om den legendariske konserten King Pleasure and the Biscuit boys heldt her for 20 år sidan, seier Klungresæter.

– I fjor spelte dei på søndagen, og kom litt i skuggen. I år skal dei få ein heil kveld aleine tidlegare i festivalveka og verkeleg få vise seg fram, seier Igland som har stor tru på fullt festivaltelt på alle konsertdagane.

Og sjølv om Mezzoforte spelte på Havly i fjor haust vil arrangørane ha dei tilbake så snart fordi dei ikkje trur nok folk fekk anledning til å sjå dei sist gong.

– Bremangarar er ikkje vande med førehandssal, så det var tilhengarar frå andre stadar i landet som sikra seg mesteparten av billettane, ler Klungresæter.

– Dette vert ein ny sjanse.

Vil fremme lokal idyll

Det vert også i år ei rekkje lokale aktørar på scena under Rockweekend.

– Vi kjem til å sparke i gong heile festivalen med ein Bruce Springsteen temakveld på Havly, der lokale musikarar står på scena, fortel Igland.

– Det vert også andre innslag frå dei lokale i løpet av festivalen, men det er slik vi tek litt som det kjem framover. Dei to representantane frå Opplev Bremanger fortel at dei ser for seg mange små scener på idylliske stadar rundt i bygda, og at dei også ønsker å få til ein tradisjonell grillfest i samband med festivalen.

– Det er lenge til enda, men vi håpar på godt vêr, ler dei.

Rockweekend 2016 vert arrangert i Bremanger mellom 30. juni og 3. juli. – Men først er det Påskesylte på Havly, der alle kan komme å synge og spele, seier Igland.