Denne delte meininga stod på trykk i Fjordenes Tidende 9. september.

Går med hjartet i halsen

Arvid Halnes frå Holvik meiner lokale politikarar og fylkespolitikarar må få auga opp for den elendige standarden det er på fv. 621 mellom Måløy og Oppedal i Vågsøy.

– Eg køyrer ikkje bil. Eg reiser med buss eller går. Begge delar er ikkje noko lystig oppleving. Eg har mange gonger hjartet i halsen både når eg går og sit på. Det er smalt og svingete og mange stadar er det knapt plass til ein bil. Det er berre eit under at det ikkje skjer fleire ulukker på denne strekninga, seier Halnes.

Han seier det er enormt mykje trafikk på denne vegen, både av små og store køyrety. Og i sommarhalvåret er det enormt med turistar, både norske og utanlandske. Mange har bubilar og campingvogner og lite trening med å køyre på så smale vegar.

Halnes er forundra over at det ikkje er fleire som jobbar for at vegen skal bli både utvida og rassikra.

Det er ikkje gjort stort med denne vegen sidan den var bygd før og etter krigen.

– Det er smalt og svingete, og ikkje passering for to bilar. Mange stadar er det bratte fjellsida på eine sida, og stupbratt i sjøen på andre sida. Mange stadar manglar det autovern. Det burde så absolutt ha vore gjort noko med denne vegen, seier Halnes.

Han håpar lokale politikarar tek utfordringa og pressar på for at det skal komme midlar og at denne vegen skal komme i posisjon for å bli utbetra.