Forsikringsselskap advarer mot at usikra bagasje kan føre til alvorlege skadar på deg sjølv og passasjerane.

- Tunge gjenstandar skal plasserast så lavt som mogleg og inn mot seteryggen i bagasjerommet. Dei lettaste tinga skal ein plassere ytterst. Mindre gjenstandar kan ein også ha i brønnen mellom seta, seier Runar Sleipnes som er skadesjef for bil i Møretrygd.

Sjølv små gjenstandar som ei flaske eller ein laus mobiltelefon kan bli svært tung når farta er stor. Ei brå oppbremsing kan få katastrofale følgjer om bilen er pakka feil. Ein laus PC på 3,5 kilo kan bli 100 kilo tung  ved bråbremsing i 50 kilometer i timen, skriv Møretrygd i ei pressemelding.

Forskringsselskapet oppmodar om at gjenstandane festast med tau eller ei stropp eller dekkast til med nett slik at dei ikkje sklir rundt. Barn må sikrast skikkelig i forhold til vekt og alder på barnet. DVD-spelar og nettbrett er gode hjelpemiddel for å sikre ro i bilen når ein er på ferietur, men desse må også sikrast med fastmonterte haldarar.

Naudustyr som varseltrekant, førstehjelpsutstyr og refleksvest må alltid vere lett tilgjengeleg.

- Diverre er det lett å gløyme det når ein pakkar bilen, men kjem ein ut for ei ulykke må ein handle raskt og kan ikkje bruke tid på å leite etter dette, seier Sleipnes, som også understrekar at sjølv om takboksar gir god lagringsplass, så utgjer dei ofte ein stor trafikkfare.

- Legg berre lette ting i takboksen og sjekk vognkortet for kor stor taklast bilen har lov til å ha. I tillegg må du også sjekke kor tung last takboksen er berekna for. Takboksar kan losne og vere livsfarlege i ein kollisjon viss dei er for tungt lasta, seier Sleipnes.

Pakketips

1. Store gjenstandar som koffertar etc. skal vere i bagasjerommet og sikrast med stropp eller bagasjenett. Små gjenstandar kan ein legge i hanskerommet eller under seta.

2. Legg dei lette gjenstandane øvst, men ikkje over nakkestøttene til baksetet. Alt som er tungt skal leggast så lavt som mogleg i bilen.

3. Ikkje legg noko på «hattehylla». Det kan vere svært farleg ved ein bråstopp.

4. Pass på at du har god sikt også bakover.

5. Ved transport av lang og tung last kan du legge ned baksetet.

6. Mange bilar har festekrokar i bagasjerommet – bruk dei til å feste bagasjen.

7. Sjekk lufttrykket i dekka. Ein tungt lasta bil endrar køyreeigenskapane. Sjå i instruksjonsboka til bilen kva som er rett dekktrykk.

8. Har du med hund eller andre dyr i bilen, er det best å ha dei i eit solid bur.