3-åringane frå Skavøypoll barnehage fekk vere med på å opne leikeområdet. Dette var gjort på skikkeleg vis ved at ordførar Kristin Maurstad (Ap) i Vågsøy klipte snora. Ho fekk god hjelp av barnehagebarna Elle og Teodor.

– Det var kjekt å skli og det gjekk veldig fort, smiler ho.

Barna fekk også frukt og vatn, og det vart ei kjekk leikestund for 3-åringane på det nye leikeområdet.

Du kan lese meir om det nye leikeområdet i Fjordenes Tidende tysdag.