Enivest tilbyr seg å bygge ut fibernett på Bryggja og Nave føresett noko brukarfinansiering og at folk no grip sjansen.

– Det stemmer at vi er klare for å sende ut brev til alle innanfor dette feltet med tilbod om fiber, bekreftar Stig Myrmel i Enivest. Han rosar initiativet frå Bryggja og Nave.

– Det har vore eit veldig positivt samarbeid. Eg trur vi kan kalle dei løysingsorienterte.I desse dagar vil det altså gå ut brev til 272 husstandar i området Bryggja/Nave.

– Det vil bli ei ekstra tilknytingsavgift, og om 190 abonnentar melder seg på, kan ein kome i gong med utbygginga, seier Finn Humborstad, som er hytteeigar på Nave og pådrivar for å få fiber til bygd og grend.

– Det har i fleire år vore forsøkt å få leverandørar av fiberbasert breiband til å bygge ut på Bryggja, men det er eit krevjande område ettersom relativt få husstandar strekker seg over meir enn 10 kilometer.

No er han glad for at det har løyst seg ved hjelp av Enivest. Han trur utbygginga kan bidra både til meir tilflytting og auka vekst. Men han presiserer folk må kjenne si gjestingstid.

– Det er viktig at ein grip sjansen no og ikkje ventar. Det vil kunne stanse prosjektet. Det kan ta mange år før sentrale aktørar finn det lønsamt å setje i verk ei utbygging i dette omfanget, seier han.

Fekk tilskot frå NKOM

Nave, med åtte husstandar og fem hytter, ligg i eit område utan noko tilbod som oppfyller krava folk i dag har til breiband.

– Det er søkt om og innvilga tilskot til utbygging frå Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (NKOM) via Vågsøy kommune, opplyser Finn Humborstad. Nave har såleis fullfinansiert si utbygging til 13 abonnentar gjennom midlar frå NKOM, eigeninnsats på framføring av fiber og den auka tilknytingsavgifta.

Området Rimstaddalen vil ikkje vere med i første fase.

– Dette er fordi interesse og etableringskostnadar ikkje er avklara, seier Humborstad, men understrekar at eit prosjekt her kan løysast som på Nave med lokalt engasjement.– Ein vil då også ha fordel av at fiberen vil bli ført fram til Totland.