Selje-ordførar Stein Robert Osdal (KrF) likar ikkje tilrådninga frå Fylkesmannen.

– Selje kommune er i ein situasjon som få andre kommuner er i. Vi vert føreslått tvangssamenslått med Vågsøy. Ikkje sidan 1964 har tvang vore brukt til å tegne eit nytt kommunekart. Selje har i sitt vedtak sagt nei til Vågsøy åleine. Grunngjevinga for dette er at ein slik kommune vert for liten til å løyse dei utfordringane som staten har sagt at dei nye kommunane skal løyse i framtida, skriv han i ei pressemelding.

Han meiner det er utfordrande at Fylkesmannen bruker tvang i slike saker, samtidig som at Fylkesmannen ikkje rører andre kommunar i nærområdet.

– Kva med Bremanger? Her er ei forskjellshandsaming som vanskeleg kan forsvarast, meiner Osdal.

Han utfordrar næringslivet til å meine noko om korleis ein ser på forslaget.

– Diskusjonen vidare må basere seg på fakta, fordelar og ulemper, og mindre på kva ein synest om naboen, oppfordrar ordføraren.