Formannskapet i Vanylven kommune tilrår at kommunen skal slå seg saman med Herøy, Hareid, Ulstein og Sande kommunar.

Dette vart klart i formannskapsmøtet i Vanylven tysdag. I tilrådinga blir det vektlagt at kommunen framleis vil vere open for dialog med andre kommunar om samanslåing:

«Vanylven kommune viser til folkerøystinga og rår til ein stor kommune saman med Hareid, Ulstein, Herøy og Sande (Runde kommune). Vi registrerer at folkerøystingane i Ulstein, Herøy og Hareid ikkje ønskjer ein storkommune.

Denne tilrådinga vart vedteke med fem mot to røyster.

Ville stå aleine

Dei to røystene var Ottar Jan Løvoll (Ap) og Ingebrigt Berget (Sp) la fram eit eige forslag:

«1. Viser til resultat av folkeavstemminga om Stad og Runde kommune.

2. Nei frå Vanylven kommune til Stad kommune, ja frå Vanylven og Sande til Runde kommune. Nei frå Herøy, Ulstein og Hareid til Runde kommune.

4. Vanylven kommune består som ufrivillig eigen kommune. Samarbeidet med dei nærliggande kommunane fortset, og om mogleg blir utvida i åra som kjem.

5. Vanylven kommune vil vere i ein open dialog med nabokommunane.»

Valresultatet etter folkerøystinga i Hareid viste at 72,9 prosent villle behalde kommunen som i dag, medan 14,5 prosent ønskte Runde kommune. I Hareid røysta 63 prosent for å stå aleine, medan 16,8 prosent ville ha samanslåing på ytre søre Sunnmøre. I Ulstein røysta 62,8 prosent for å halde fram aleine, og 24,6 prosent ville ha felles kommune med Hareid, Herøy, Sande og Vanylven.

Sande var unntaket, saman med Vanylven. Her ønskte 51,4 prosent at Sande skulle bli ein del av Runde kommune. 42,7 prosent røysta for å stå aleine.

Forhandlar vidare

For ordførar i Vanylven kommune, Lena Landsverk Sande (V) var det viktig at ho fekk eit mandat til å kunne halde fram samtalane om samanslåing.

Dersom kommunar er i reelle forhandlingar får dei utsett fristen for å kome med si innstilling til 23. september, noko ordføraren tenker å nytte seg av.

– Forhandlingane er ikkje over. Formannskapet tilrår Runde kommune, men vi ser at dette ikkje er eit levande alternativ, difor vil vi prøve å forhandle vidare, seier Landsverk Sande.

Fylkesmannen skal kome med si tilråding til Stortinget innan 1. oktober i år.