Talet ungdomar i fylket går ned medan dei store etterkrigskulla er på veg ut av arbeidslivet. Geir Gjørsvik i Paneda Selje ser at dei må gjere grep for å sikre framtidig arbeidskraft.

Ein ny fylkesdekkande rapport, Kompetansebygging, utvikling og rekruttering (KUR), slår alarm når det gjeld folketalsutviklinga i Sogn og Fjordane. Om få år kan det vere skrikande mangel på arbeidskraft i fylket, og kampen om tilsette blir knallhard.

Konklusjonane i rapporten er inga overrasking for administrerande direktør Geir Gjørsvik som førre veke deltok på rekrutteringskonferansen Framflyt ved Måløy vidaregåande skule.

– Vi ser det i eiga alderssamansetting i bedrifta. Av den kompetansen vi sit på i dag, er mange rundt 55 år og over. Så om ti år ser vi heilt klart mot store endringar her på huset.

Vil ha dei yngre

Så langt har seljeselskapet, som blei etablert i 2001, hatt nok med å skaffe jobb til dei 17 tilsette dei allereie har, men med nokre store kontraktar under beltet, og eit par til på veg, ser biletet annleis ut.

– Det gir oss musklar til å utvikle oss og tilsette fleire. Men då må dei vere klare – og kome i dialog med dei unge før dei flytter frå heimstaden.

– Det var derfor vi var på Framflyt – for å skape tidleg interesse for dei lokale mulegheitene. Vi må engasjere oss og auke kjennskapen til Paneda og det vi driv med. Vi ser at vi er nøydde å rekruttere unge folk, og allereie om fem år kan det jo vere aktuelt for ungdomane som sat på konferansen å begynne hos oss.

Les mer i papirutgaven av Fjordenes Tidende.