Bremanger Ap vil ikkje bruke tid og ressursar på ein storkommune dei ser som urealistisk, og sa nei til vidare forhandlingar med Vågsøy og Flora.

– Skulle ein gått vidare, ville ein måtte sett ned eit forhandlingsutval. Det hadde blitt folkeavstemning der folk måtte ta stilling til avtalen. Vi meiner rapportane frå kommunen og PwC tydeleg skisserer konsekvensane, uavhengig av kva ein kjem fram til i forhandlingar, innanfor det som er realistisk å forvente, seier Ap-leiar Thomas S. Øvstedal.

– Så vidare samtalar ville vore bortkasta tid og ressursar?

– Det er ein måte å sjå det på. Vi ser ikkje at det vil ligge noko i ei samanslåing for oss.

Thomas Øvstedal, leiar i Bremanger Ap, seier dei ikkje ser noko realisme i ei samanslåing. Derfor vil dei heller ikkje diskutere dette vidare. Foto: Svanhild Breidalen

Trur ikkje det vil bli betre

Rapporten frå PwC viser at dei tre kystkommunane har mange samanfallande utfordringar og moglegheiter, men at effektane av samanslåing er relativt usikre. Den kommunale rapporten sin konklusjon er at Bremanger står best åleine.

– Ei samanslåing under rådande forhold ville utan tvil føre til eit redusert og dårlegare tilbod til våre innbyggjarar.

– Kvifor er ein så sikre på det?

– Det seier seg sjølv. Det blir snakka om å stille krav om til dømes å flytte administrasjonen til Svelgen. Det har inga rot i verkelegheita. Det ville handla om å prøve å redde det ein kunne.

– Ville ikkje Bremanger tvert imot hatt ein enormt sterk forhandlingsposisjon?

– Det kan kanskje verke slik, men Flora og Vågsøy har hatt god tid til å kome med gulrøter. Det einaste vi kan lese i avisene er at dei skal sjå kva som er muleg når det gjeld å behalde kommunale stillingar i Svelgen. Er det eit signal om vilje til å flytte arbeidsplassane i administrasjonen til Bremanger? Det er fullstendig urealistisk. Det kan verke som det er trusselen om tvang som skal lokke oss inn i ei samanslåing. Ein slik prosess vil vi ikkje vere med på, seier Øvstedal, som også peikar på at dei gjekk til val på ikkje å slå seg saman.

Øvstedal trekk også fram eit mindre negativt inntektsforslag enn først venta for Bremanger, og kanskje det aller viktigaste etter hans meining – for dårlege kommunikasjonar.