Frelsesarmeen merkar godt at terskelen både for å gi, samt å be om hjelp blir lågare når det nærmar seg juletider.

– Det er eit større behov i desember enn elles i året. Men vi ser også det at fleire ønskjer å bidra når vi nærmar oss julehøgtida, samanfattar korpsleiar for Frelsesarmeen i Vågsøy, Tommy Høgset.

Frå 1. til 23. desember samlar dei inn pengar i julegryta. Alle pengane som kjem inn i løpet av året går til arbeid lokalt.

I løpet av året som har gått har Frelsesarmeen hjelp rundt 30 familiar i Vågsøy i form av samtalar og økonomisk hjelp.

– Sjølv om det ikkje er ei drastisk auke i folk som treng vår hjelp, så er det auke, slår korpsleiaren fast.

– Det er ein veldig givarglede. Desember er heilt klart den tida på året vi får inn mest. Folk er veldig rause, seier han.

Frå 2011 og fram til i dag har bidraga til julegryta nærast dobla seg. I 2011 samla Frelsesarmeen inn 99.145 kroner. Medan dei i fjor fekk inn 187.892 kroner i julegryta.

– Halvparten av pengane vi samlar inn får vi inn på Nordfjordeid, seier Høgset, som understrekar at han er svært takknemleg for alle som vel å stå grytevakt.

– Mange frivillige vel å bruke litt av tida si til å stå grytevakt. Det er til svært god hjelp for oss.