Sola skein då Stadlandet idrettslag arrangerte motbakkeløpet Stadlandet rett vest for tiande året på rad.

Over 150 stykk gjekk den 14 km lange løypa frå Dragseidet, over fjellet og ned til skulen i Ervik laurdag.

- Det er både enklare og kjekkare å arrangere eit slikt løp når vêret spelar på lag, seier arrangør Margareth Leivdal og legg til at dei er svært nøgde med talet på deltakarar.

I herreklassa gjekk Arve Rindal av med sigeren. Bente Hermansen vann dameklassa.

Les meir om Stadlandet Rett Vest i papiravisa tirsdag.