Gradestokken kraup oppover mot 20 grader då dei 23 hingstane som deltok i årets hingsteutstlling på Nordfjordeid gjekk i opptog gjennom Eid sentrum laurdag.

Folk i alle aldrar nytte høvet til å sjå dei flotte hestane og nyte godvêret. Dagleg leiar i Norsk Fjordhestsenter Magni Hjertenes Flyum kunne ikkje vore meir nøgd med avslutningsdagen av hingsteutstillinga.

- Det har vore ei fantastisk gjennomføring. Alle er strålande fornøgd, seier ho.

Ho meinerhingsteutstillinga har lukkast i å bli møteplassen for fjordhestfolket.

- Det er tidskrevjande å drive med fjordhest, og hest generelt. Hit kjem dei ein gang i året for å treffe andre med same interessa, frå dei heilt unge til dei heilt gamle, seier ho.

I tillegg til klassevis mønstring, opptog, barneriding og aktivitetar og folkeliv i Eidsgata, var det også kåring av hestane i dag.

- Det er jo høgdepunktet, det det er knytt aller mest spenning til, seier Hjertenes Flyum.

Les heile saka i Fjordenes Tidende si papirutgåve tysdag.