– Om eg ikkje følgjer draumen om å stå på scena, kjem eg til å angre, seier Asbjørn Hagen frå Nordfjordeid.

Hagen vert karakterisert som eit multitalent innan skodespel, song og musikk.

Og han er ein av 100 ungdommar i landet som er tildelt Draumestipendet frå Norsk kulturskuleråd og Norsk Tipping.

– Det var ubeskriveleg å få draumestipendet. Det betyr mykje for meg, at folk har den tilliten og trua på det eg gjer, fortel vinnaren.

Stipendet på 10.000 kroner skal han bruke til å utvikle seg sjølv vidare.

– Det blir ein pott til ein kreativ skule, til privattimar hos songpedagog eller for å bli skodespelar. Draumestipendet går til framtida mi, seier han. Denne veka er han på plass i Gøteborg til opptaksprøve på Ballettakademiet. Han har også søkt Folkeuniversitetet i Gøteborg, og har kome inn på Musikkteaterhøgskulen i Oslo. Men kjem han inn i Gøteborg, flyttar han dit.

Kreativitet

19-åringen har gått eit år på Romerike Folkehøgskule på Jessheim, der han har fått boltre seg i kreativitet på scena.

– Det er det beste året eg har hatt, der eg har fått dyrka mine interesser saman med andre som er minst like motivert. Alle menneska eg har møtt har gjort siste året heilt fantastisk. Skulen er med si spesialisering på teater og musikk ein av dei mest populære folkehøgskulane i landet, og mange kjende norske skodespelarar har gått der.

Men det var heime på Nordfjordeid han tidleg starta innan kulturlivet, frå han som seksåring begynte å lære piano av mamma Unn, før han vart elev ved kulturskulen og ivrig saksofonist i Nordfjordeid skulekorps.

– To år spelte eg også bass, den gong bror min trengde bassist i ei gruppe, mimrar han.

Asbjørn har fått kultur og musikk gjennom genane frå mor og far, og ikkje minst den store Hagen-familien på Kvalheim. I dag har han behov for å stå på scena.

– Ja, for eg storkosar meg der. Det er då eg kjenner at det er dette eg brenn for, fortel han.No har han pause med sommarjobb som «handyman» ved Fjordane folkehøgskule.

Spenning og glede

Han er ikkje tvil om kvar vegen går i framtida.

– Det blir scene, seier han. Det er heilskapen på scena, med kostyme og sminke på plass, som tiltrekker han.

– Med nervane, spenninga og gleda kjenner eg at eg er i mitt rette element.Eidaren snakkar om å følgje draumen. For ein draum kan ikkje alltid berre vere ein draum, den må også settast ut i livet, meiner han.

Som tidlegare elev ved Eid vidaregåande skule, som har Operahuset Nordfjord vegg i vegg, lovprisar han samarbeidet, der elevane får vere med på musikal med proft apparat rundt seg.

– Det var også ein stor faktor for å gå på Eid. No i ettertid ser eg at ein nesten vert bortskjemt med stor scene og apparatet rundt. Det er mykje større enn vi trur, medan vi her på Eid tar det nesten for gitt. Eg er takknemleg for å ha fått vere med på dette. Han meiner det er ein enorm sjanse for elevane å vere med. Han sjølv hadde hovudrolle i Spellemann på taket.

– Det er noko av det største og mest utfordrande eg har gjort. Russerevyen var også veldig stort. Den var eigenprodusert, der vi gjorde alt sjølv.Sist haust var han med i Opera Nordfjord si oppsetting av Sound of Music, og han håper han igjen kan stå på «heimescena» seinare.

– Det gir meg så ufatteleg mykje, smiler multitalentet.