Turid Breidalen er klar for loppemarknad i Måløy laurdag.

Namn: Turid Breidalen

Alder: 71 og eit halvt år

Adresse: Måløy

Sivilstatus: gift

Yrke: hardtarbeidande pensjonist

Hobby: Sogn og Fjordane Parkinsonforening, lesing, loppemarknad, auksjonar og så vidare.

Aktuell med: Arrangerer loppemarknad fredag og laurdag hos Firda Canning i Måløy.

– Det blir stort loppemarknad i helga?

– Det blir ein gigantisk loppemarknad! Vi må faktisk ta i bruk det vi tidlegare har brukt som kafeteria før. No er det lopper «all over the place». Det tyter nesten lopper ut gjennom vindauget.

– Kva kan du freiste med?

– Eg har fått så utruleg mange fine lopper i år. Eg fattar ikkje kvifor dei gir meg så mykje fint. Mellom anna har eg fått eit gamalt sett med Egersund fruktfat – nei, det går ikkje an å snakke om det. Eg har berre så mykje fint at eg kan ikkje trekke fram ein spesiell ting. Eg har litt av alt. Eg kan starte musikkforretning, glasmagasin, bokhandel, rammeforretning, you name it.

– Blir det fleire marknader framover?

– Ja, eg skal ha små loppemarknader som passar både til Måløy Havfiskefestival og til Elvisfestivalen. Dei skal eg ha inne i det gamle biblioteket, Heradsheim, i Måløy. Og så blir det endå eit nytt stort loppemarknad 20. august når vidaregåande startar for hausten. Dei som ikkje har tatt med seg alt dei treng til skulestart, treng ikkje ta med seg noko. Her kan ein kjøpe bord, stolar, seng, utstyr og til og med dopapir.

– Inntekta for loppemarknaden går som vanleg til Sogn og Fjordane Parkinsonforening?

– Ja, og inntekta herifrå er nesten liv eller død for foreininga. Vi bur så spreidd at kvar gong vi skal ha møte, så må vi bu på hotell. Det kostar mykje for enkelte, så vi sponsar litt av prisen, men ikkje alt. I tillegg har vi ein fellestur årleg, som er veldig viktig. Det skjer i november og då reiser vi til Lanzarote, som har opplegg med trening og felles. Det er Oslo Røde Kors som driv det.

– Har ikkje du sommarferie, då?

– Jo, dette er min form for ferie. Eg har det kjempekjekt når eg driv med loppemarknad! Det er som julaftan, nyttårsaftan og bursdag når eg pakkar opp kasser og finn dei mest vidunderlege ting. Og eg tek nok ein altfor billig pris, men det er kjekkare at folk smiler og har det gøy. Det er ingen i verda som kan ha det så kjekt som meg når eg driv med lopper!