Uansett kva yrkesfag du går på Eid vidaregåande skule får du undervisning i automasjon.

Automasjon er eit fagområde som finst over alt rundt oss.

Droner og innmaten på datamaskiner er på pensum for denne gjengen: syver Natvik(f.v.), Bjørn Erik Dragset, Marita Karina Oppedal Frammarsvik, Martin Sande Rygg, Mohamed Nuur og Samuel Tsehaie.

– Tenkt deg at du skal gå inn på ein butikk og døra opnar seg automatisk for deg. Det er automasjon som ligg til grunn for at døra går opp. Eller at du jobbar hjå møbelprodusenten Ekornes og skal styre automatisert utstyr. Det finst over alt og det blir meir og meir av, seier rektor Ove Bjørlo ved Eid vidaregåande skule.

Spørsmålet er då: Skal ein heller velje elektro- og automasjonsutdanning enn møbelsnikkarutdanning om ein ynskjer å jobbe med møbelproduksjon?

– Du skal gå møbelsnikkar! Fordi då får du lære basisen i yrket. Samstundes får du opplæring i automasjon som ein del av utdanninga, seier rektor Bjørlo.

Barrierar viska ut

Utviklinga ved den vidaregåande skulen på Eid er at det som måtte vere av grenser og barrierar blir stadig meir utviska. Elevmassen er eitt. Det gjeld både i form av at elevane er fysisk samlokalisert, og at utdanningane går over i kvarandre.

Barrierane mellom skulane i Nordfjord er jamvel i ferd med å bli viska ut. Skulane på Eid og i Stryn har inngått eit samarbeid der elektroelevar på Eid innreiar ei leilegheit i Stryn med velferdsteknologi, helsefagelevane i Stryn kjem inn med «varme hender» og nyttar teknologien til å gje omsorg.

Dataelektronikklærar Oddgeir Bakke flytta heim til Hornindal då han fekk jobb på Eid VGS.

Prosjektet har kome i stand i samarbeid med det nystarta EnergiKompetanseSenteret i Nordfjord (EKS) som er etablert på Eid. Prosjektet treff midt i hjartet på rektor Bjørlo, som jobbar for at skulen skal vere ein yngleplass for gründerverksemd.

– Vi har også eit programfag på studiespesialisering som samarbeider med yrkesfag, kalla Teknologi og forskingslære. Det er eit resultat av samlokaliseringa. Vi flytta inn i det nye bygget, der vi fekk plass til både studiespesialiserande fag og yrkesfag, i 2009. No har vi vore her så lenge at vi verkeleg ser resultatet av samlokaliseringa. Skulen utviklar eit energisenter saman med EKS rundt fornybar energi, slik at vi generelt kan integrerer dette i undervisninga.

Lågt fråfall

– Vi har jobba veldig mykje med at det skal vere EIN skule. Det skal vere VI, ikkje allmenn- og yrkesfag, seier utviklingsleiar Torild Natvik.

Gründertanken er levande i dette miljøet. I fjor vann elevverksemda Westtip Supplies NM for ungdomsverksemder med ei silkasse for oppdrettsnæringa. Verksemda med seks elevar på første året på teknikk- og industriell produksjon (TIP) fekk sju av ti prisar.

No er elevane spreidd på vidaregåande skular på Eid, i Måløy og Florø. Men Bjørlo er viss på at det ikkje er det siste vi har sett av dei.

– Eg er sikker på at dei og andre av elevane våre vil vise att i gründerverksemd i fylket. Sogn og Fjordane fylkeskommune lanserte nyleg ein næringsplan med ei ambisiøs målsetting om å skape 500 nye arbeidsplassar kvart år framover. Dei vidaregåande skulane må vere ein del av den skaparkrafta som trengst. Og vi må nytte tida dei går på vidaregåande til å gje dei lokal tilknyting.