Feiar Aurimas Telsinskas og brannsjef Kim Hjelle rår folk frå å kjøpe vedomnar produsert i utlandet. Alle omnar brukt her i landet skal vere SINTEF-godkjent, merka «Norwegian standard».

No kjem haust- og vinterkulda, og folk begynner å tenke på oppvarming av husa sine. Men ver på vakt om du kjøper vedomn over internett.

– Du trur du skal spare pengar, men endar opp med å måtte skrote omnen fordi han manglar godkjenning, seier brannsjef i Vågsøy Kim Hjelle om det han meiner er eit aukande problem.

Folk kjøper omnar over internett frå utlandet, gjerne til halv pris. Dei kjøper brukte omnar produsert i utlandet gjennom Finn.no til ein billeg penge.

Eller arbeidsinnvandrarar kjøper dei i heimlandet og tek dei med til Norge for å spare pengar.

Problemet er berre at dei ikkje er godkjent for bruk i Noreg utan merkinga «NS» som står for «Norwegian standard».

Installerer du ny omn, sjå til at han er merka slik – både med CE og NS.

– Berre CE-merking held ikkje. Ein omn som er lovleg å bruke i Norge skal vere merka både CE og NS. Dette gjeld både vedomnar og kjelar. Vi har mykje strengare reglar enn Europa, mellom anna er grensa for partikkelutslepp ti gongar høgare, seier Hjelle.

Trur mørketala er høge

– Eg er stygt redd for at det er fleire når vi fann to berre første veka vi kontrollerte i vår. Tal tyder på at 1.000 av 6.000-8.000 omnar som årleg blir installert i Noreg, er ulovlege, seier Hjelle.

Det var feiar i Vågsøy kommune Aurimas Telsinskas som tok tak i problemstillinga etter eit seks veker langt kurs han tok ved Norges brannskole i Harstad som ein del av fagbrevet.

– Berre første veka etter eg kom heim fann eg to slike ulovlege omnar her i kommunen. Dei to ynskjer å gjere folk klar over problemstillinga, for jobben med å fortelje folk at dei må skrote omnen sin og kjøpe ny, kan vere ubehageleg.

– Folk blir sinte. Men eg må gjere jobben min og følgje lova. Følgjene kan bli fatale om folk fyrer med utrygge vedomnar.

Får kaffi eller kjeft

– Av og til kan det vere vanskeleg. Folk som ikkje har ting i orden blir kanskje sinte, dei som har alt i orden inviterer på svele og kaffi. Men alle er tent med at dette problemet blir sett søkelys på, seier feiaren.