I dagane før 17. mai jobba ein stor dugnadsgjeng med å gjere det fint og triveleg rundt Skaretun omsorgssenter på Raudeberg.

- Det var ein fantastisk flott dugnadsinnsats. Dyktige karar frå Aktiv Raudeberg måla bygningane, spylte og gjorde reint.

Tysdag 12. mai var også pårørande og tilsett tte med på å plante blomster i krukker og bed rundt husa.

- Som pårørande, tilsett og nabo vil eg takke alle for den flotte innsatsen. Og eg vil samtidig benytte anledninga til å takke alle som bidreg med frivillig innsats for bebuarane på Skaretun, seier Britt Helen Fagerlid Hopland.

Ho er også takksam for all innsats som blir lagt ned frå Røde Kors sin besøksteneste, besøk frå barnehagen, andre som underheld med song og musikk og sist, men ikkje minst frivillige, som gjennom fleire år har hjelpt til med middagsbringing i helgane.