Skulane i Sogn og Fjordane har generelt gode resultat. Eksamensresultata i den vidaregåande skulen i 2015 er ikkje noko unntak.

Dei sterke eksamensresultata til Sogn og Fjordane-elevane utmerker seg i nasjonal samanheng.

Elevane her i fylket ligg på topp i ni av dei totalt 30 faga med sentral eksamen og sentral sensur – med til saman 1000 kandidatar på landsplan.

Det er spesielt tre fag der elevane i Sogn og Fjordane hevdar seg svært godt: norsk, praktisk matematikk og rettslære. Det er særleg gode resultat i matematikk påbygg.

Når vi ser eksamenar i alle faga under eitt, er Sogn og Fjordane det fylket med nest beste eksamensresultat, berre slått av Akershus. Tilsvarande plassering for grunnskulen i Sogn og Fjordane er fjerdeplass.