Då Brødrene Larsen i Kalvåg fekk inn ein breiflabb på 52 kilo tirsdag kveld, var det den største dei nokosinne har fått inn.

- Ja, det trur eg nesten det er, seier dagleg leiar Sylvi Røys.

Ho kan ikkje hugse at dei har fått inn noko større nokon gong.

Vanlegvis er breiflabben dei får inn cirka halvparten av denne storleiken.

- Dei pleier å ligge på rundt et par og tjue kilo, seier Røys, som fortel at dei får inn breiflabb frå fiskarar kvar veke.

Det var sjarkfiskar Harald Gulestøl som leverte rekordbreiflabben. Han pleier å fiske på feltet rundt Kalvåg.

- Ja, den er nok tatt ikkje så langt herifrå, kanskje  ute ved Sigurdskallen, seier Røys.