– Det er ein ganske stor arbeidsplass på Stadlandet, ja, seier reiar Stig Ervik.

16 mann dreg ut i morgon, tysdag, til Barentshavet for å fiske torsk og hyse. Med skiftet vil det vere rundt 30 personar tilknytt Ervik Havfiske sin nye båt.

– Det kjem mange nye om bord, men vi rokerer også om på andre båtar, så det kjem folk frå Keltic og Vestfisk hit, seier Ervik, som meiner dei har god tilgang på arbeidskraft.

– Vi opplever bra etterspurnad etter folk som vil begynne på lina. Det er både heilt nye og folk som har vore permittert frå oljen som kjem att, seier Ervik, som også trekker fram at dei satsar på lærlingar som vil bli fiskarar.

Bygd med moonpool

Ervik Havfiske overtok nybygget etter eit russisk reiarlag som stod utan finansiering.

– Sidan det ikkje var vårt design frå starten av er båten bygd litt annleis enn tidlegare, men det er ein bra båt.

Vestliner måtte gjennom nokre justeringar for å få den tilpassa reiarlaget sine behov.

– På fabrikken blei det mykje. Den blei omtrent heilt ny ettersom dei tidlegare eigarane hadde lagd ein fabrikk som ikkje var tiltenkt Barentshavet.

Vestliner er 47,5 meter lang, 12 meter brei, og har ein bruttotonnasje på 1.352 tonn. Innfrysingskapasiteten er på 25 tonn i døgnet og båten er utstyrt med 55.000 kroks autoline. Der er 18 lugarar med plass til 20 personar, ei maskin på 1.600 hestar, to hjelpemotorar, ein hamnegenerator og ein akselgenerator, sistnemnde for å spare diesel når ein køyrer hovudmaskina.

– Elles er det ein heilt ordinær norsk linebåt, seier Ervik.

Båten er også utstyrt med eit lineanlegg av typen moonpool, eller dragerbrønn, som er plassert midt i båten.

– Det er for sikkerheita si skuld. Det er tryggare å stå inne og dra line midt i båten, seier Ervik, som fortel at tanken bak investeringa er å erstatte eldre båtar i reiarlaget.

– Vi har vore i marknaden etter ny båt ei stund no. Vi har nokre gamle båtar bygd på 80-talet som vi ser for oss å bytte ut på sikt.