Bygg- og anleggbransjen er ei av næringane som gjer at arbeidsløysa i Vågsøy går motsett veg av landsgjennomsnittet. 2,5 prosent er arbeidsledige i kommunen, kraftig ned frå i fjor.

Ved utgangen av oktober var 77 personar heilt arbeidsledige i Vågsøy, 11 færre enn i fjor. Medan arbeidsløysa i landet som heilskap går opp som følge av nedgang i oljesektoren, er trenden her motsett.

– Her går det så det grin, seier Asbjørn Utnes og Kent Rune Bugjerde i byggjeverksemda UNU. Vi er på toppen av bustadprosjektet Bryggen Panorama der ei gammal fiskebud er i ferd med å skifte ham til topp moderne leilegheiter. Vi kan berre tenkje oss korleis det vil sjå ut i den knapt 300 kvadratmeter store toppleilegheita med panoramautsikt over Ulvesundet.

Har selt 20 av 25

– Vi har lege jamt på 28 tilsette. På grunn av mykje arbeid er vi no 32, pluss at vi har ein frå NAV, seier Utnes.

Om lag ti byggjearbeidarar er sysselsett på Bryggen Panorama. Andre prosjekt dei har for tida er kraftverk i Hjelmelandsdalen, modulbygg ved Måløy vidaregåande skule og sikring av demninga ved Skramsvatnet. Også marknaden for sal av leilegheiter i Måløy er heit for tida, skal vi tru Bugjerde.

– 20 av 25 einingar på Bryggen Panorama er selde, seier han om prosjektet som skal vere ferdig i 2017.– Det er ikkje slik at vi slit med å få tak i folk. Vi har det vi treng, men vi er alltid interessert i flinke arbeidarar. Hovudsakleg rekrutterer vi gjennom bygglina ved Måløy vidaregåande skule.

Domstein-effekten over

Det var dramatisk då Domstein la ned fileteringsfabrikken for kvitfisk i 2012, og 86 personar miste jobben i Måløy.

Men dei siste arbeidsmarknadstala tyder altså på at ting har gått seg til, at arbeidsmarknaden har absorbert dei som vart ledige.

– Tala er eit resultat av at Vågsøy har eit allsidig næringsliv. Det går bra både innan bygg, transport, oppdrett og fiskeribasert næring, seier leiar ved NAV-kontoret i Vågsøy Aasta Hamre.