Båten som måtte få hjelp og slepast i land av Redningsselskapet, låg nord om Silda i Stadhavet då problema med diesel-tilføringa starta.

Kjell Oldeide i Havfiskefestivalen fortel at reservebåt låg klar, og at dei fem konkurransedeltakarane som var om bord har fått fortsette konkurransen i ein annan båt.

- Det var aldri noko fare, det er flatt hav i dag og såleis ingen dramatikk, men vi er glade for at vi kan vise at vi har beredskapen på plass, og får Redningsselskapet fort av garde. Det er ein stor tryggleik for oss i festivalen, seier Oldeide.

Han understrekar at fiskarane ikkje kjem til å tape noko på problema.

- Tida vart fryst då dei fekk problem, så dei kjem til å få ei tillegg i tida. Den totale effektive fisketida skal vere seks timar for alle deltakarane.

Jannicke Myrestrand i Redningsselskapet var ombord på Simrad Buholmen, og med på å slepe fiskebåten i land. Ho understreka at det heile skjedde utan dramatikk.

- Eg kan melde om nøgde fiskarar, stille og roleg sjø og flnike sjøfolk ombord, seier ho.