Formannskapet i Bremanger gjekk inn med 1 million kroner i prosjektet som skal gjere Hornelen til eit internasjonalt reise- og vandremål gjennom ei Via Ferrata-løype.

– Dette er eit fantastisk prosjekt. Om ein ser på suksessen til Via Ferrata Loen er Hornelen noko heilt anna, sa Stig Bakke (KrF).

På spørsmål frå Kåre Jarl Langeland (V) om kor mange besøkande ein kan rekne med, sa rådmann Tom Joensen:– Kor mange går på Hornelen i dag? Rundt 3.000 i året? Vi kan sikkert gange det med 20.

Oppgradering av området

Partane i prosjektet er Bremanger kommune, Visit Fjordkysten, Knutholmen, Norway Adventures og Keipen Turlag. Bremanger kommune er prosjekteigar.

Hornelen i Bremanger kommune.

I 2015 gjennomførte ein eit forprosjekt for å avklare korleis ein kan utvikle Hornelen til eit av dei fremste vandremåla i Norge.

Konklusjonen er at Europa si høgste sjøklippe har eit stort potensial. Besøket er aukande, men ein må legge til rette for veksten slik at ein sikrar skånsam bruk av naturen samtidig som ein tryggar naturopplevinga.

Forprosjektet landa på følgjande tiltak: Utbetring av stien frå Hunskår, parkering og sanitæranlegg, merking og skilting, sikringstiltak, transport og Via Ferrata.Prosjektet er prissett til om lag 4,15 millionar: parkeringsplass Hunskår (500.000), servicebygg Hunskår (600.000), tilkomststi Via Ferrata (500.000) og stioppbygging frå Hunskår (2.550.000).

Via Ferrata-løypa er tenkt som eit eige prosjekt seinare.

Prosjektet er planlagt gjennomført i 2016–2017. Finansieringsmessig er første prosjektrunde skissert slik:

  • Bremanger kommune (1.000.000)

  • Sparebankstiftinga (500.000)

  • Knutholmen (150.000)

  • Norway Adventures (100.000)

  • anna næringsliv (500.000)

  • spelemidlar (1.300.000)

  • Visit Fjordkysten (100.000)

  • Sogn og Fjordane fylkeskommune (500.000).

– Hornelen har uutløyst potensial når det gjeld reiseliv. Via Ferrata i Loen og Hornelen vil utfylle kvarandre. Dette vil bli ei styrke for heile regionen og fylket, seier dagleg leiar i Visit Fjordkysten Wenny Irene Hansen, som ventar på geolograpporten.

– Den er viktig. Det er ein sprekk heilt oppe og eit fjell vi må passe litt ekstra på, så det vil vere viktig å ha god HMS-tankegang gjennom heile prosjektet.

Saka om Via Ferrata-prosjektet ved Hornelen må gjennom kommunestyret før vedtaket er endeleg.