Namn:Edvard Iversen
Parti:Vågsøy Venstre
Alder:66 år
Bustad:Raudeberg
Yrke:pensjonist

– For oss blir det viktig å fullføre arbeidet med ungdomsskulen i Måløy i den neste fireårsperioden. Det er ein nedsliten skule frå 1965 som sårt treng fornying, seier Edvard Iversen.

Sjølv om fleire Vågsøy-politikarar framleis er usikre på kva ein skal gjere med ungdomsskulen er Venstre krystallklare:

– Vi treng ein ny og moderne byskule, slår Iversen fast.

Han meiner Venstre har vist seg som eit ansvarleg parti dei siste fire åra og vil legge til rette for at ungdom flytter tilbake.

– Vi vil byggje vidare og styrkje den gode skulen vi har i kommunen og sikre trygge skulevegar, skriv partiet i sitt program.

Løftet frå 2011 om å ikkje røre skulestrukturen, er dermed no borte. Partiet er villig til å bruke eigedomsskatt til å mellom anna vedlikehalde kommunale vegar.

Vågsøy Venstre har òg programfesta at dei vil jobbe for at ferjestrekninga Måløy-Oldeide får timeavgangar, at Vågsøy styrker sin posisjon som fiskeri- og verftskommune og at Vågsøy skal vere kjent som ein positiv, serviceinnstilt «ja-kommune».