Om alt går etter planen kan bygginga av nye Svelgen omsorgssenter starte allereie etter nyttår.

Bremanger kommune har halde anbodskonkurranse og valt entreprenør til jobben. Førde-baserte Åsen og Øvrelid hadde ifølgje kommunen det beste totaltilbodet, og deira tilbod vil såleis danne grunnlag for finansieringsplanen for prosjektet.

Åsen og Øvrelid, som gav den billigaste prisen av dei fire tilbydarane som leverte anbod, meiner dei kan reise bygget for 118.339.481 kroner eksklusiv meirverdiavgift.

For å finansiere nybygget reknar Bremanger med tilskot frå Husbanken på 52.920.000 kroner. Kommunen får vidare meirverdikompensasjon på litt over 33 millionar, og står deretter igjen med ein lånesum på i overkant av 86 millionar.

I prosjektplanen informerer kommunen om at dei ser for seg byggestart i januar 2014, med grunnsteinsnedlegging i januar/februar, råbygg reist i juli/august og kranselag for tett bygg i oktober/november same år.

Ferdigstilling av sjølve bygget set ein til forsommaren 2015, medan bygget etter ein prøveperiode vil vere innflyttingsklart fram mot jul 2015.

14. november skal både formannskap og kommunestyre behandle denne saka.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende