Reiselivsnæringa trur på nye rekordar i 2016. Forventningane er store til den viktige vintersesongen.

- Noreg er eit unikt reisemål. Reiseliv er ei viktig næring for framtida. Det er gode nyheiter at bransjen ser lyst på 2016, seier reiselivsminister Monica Mæland i ei pressemelding frå Nærings- og fiskeridepartementet.

Dei gode utsiktene skyldast blant anna den lava kronekursen. Næringa har også fjorårets gode vinter friskt i minne, med ei auke på ni prosent i utanlandske gjestedøger. Optimismen pregar alle marknader og alle delar av næringa.

- Vinteren er ein viktig sesong for reiselivet. Vinterturistane har eit høgt forbruk i Noreg, seier Mæland.

Fjoråret var eit solid år for reiselivsnæringa. SSB sin overnattingsstatistikk viser at det ver 28,5 millionar gjestedøger ved kommersielle overnattingsstadar frå januar til oktober. Det var ei auke på fem prosent frå same periode i 2014. Norske overnattingar auka med tre prosent, medan talet på utanlandske gjestedøger ligg åtte prosent høgare enn året før.

- Regjeringa ønskjer at Norge skal ta ein større del av den internasjonale veksten. Vi jobbar no med ei reiselivsmelding. Der skal vi sjå nærare på korleis vi kan styrke reiselivsnæringa si konkurransekraft, seier Mæland i pressemeldinga.

Meldinga skal etter planen leggast fram i løpet av 2016.