Namn:Marita Aarvik
Parti:Selje Frp
Alder:52 år
Bustad:Ytre Stadlandet
Yrke:medisinsk sekretær og førstehjelpsinstruktør

I ein kommune med lange avstandar og dårlege vegar blir geografi viktig. Og politisk.

Ved årsskiftet budde rundt 57 prosent av innbyggjarane i Selje kommune i Seljebygda eller i bygdene sør for Stadlandet. Resten budde på nordsida av Stadhalvøya eller i bygder sørvest på Stadhalvøya der ein er avhengig av tilbod og vegane på nordsida av Stad for å komme seg heim.

Mange på Stadlandet er politisk engasjerte og dei siste fire åra har for eksempel ordførar Ottar Nygård (Tverrpolitisk) frå Flatraket vore den einaste av åtte representantar i formannskapet som ikkje er frå Stadlandet. Fleire av partilistene til årets kommunestyreval i Selje er òg geografisk svært homogene.

Medan alle 23 kandidatar på den tverrpolitiske lista kjem frå bygdene sør for Stadlandet, kjem 17 av 20 Frp-kandidatar frå Stadlandet.

Eigedomsskatt

Ein av dei er Marita Aarvik, som i år er Framstegspartiet sin ordførarkandidat. 52-åringen har lenge vore engasjert i saker for befolkninga i kommunen, og spesielt tryggleiken til folk på Ytre Stadlandet, der ho bur.

– Vi i Selje Framstegsparti har ein klar profil. Det er å arbeide hardt for å få gjennomført sakene vi går til val på, seier Marita Aarvik.

Det er blant anna å forsøke å fjerne eigedomskatten, som kommunen innførte i fjor.

– Vi kjem ikkje til å gå inn for eigedomsskatt for næringslivet og vi vil arbeide for å fjerne den eigedomsskatten som alt er innført, seier Aarvik.

Partiet meiner at ei positiv næringsutvikling i kommunen vil føre til auka busetting og gjennom dette vil skatteinngangen til Selje auke. Kommunen har slite med økonomiske utfordringar i ei årrekke.

Skule, skipstunnel og stream

Selje Frp var med på å legge ned Ytre Stad skule og barnehage i inneverande periode, men er klar på at ein ønskjer å bevare dagens skulestruktur ut neste periode.

– Dersom det vert lite barnehageplassar må vi sjå på moglegheiter for å få fleire plassar. Eventuelt opne filial under ein av dei andre barnehagane, skriv partiet i sitt program.

Med håpet om at ein i 2018 kan begynne bygginga av Stad skipstunnel, er Aarvik òg opptatt av at kommunen realiserer moglegheitene for positive synergieffektar av prosjektet.

Den siste fireårsperioden har vore prega av tidvis oppheita diskusjonar i kommunestyret i Selje. Frp har som regel vore aktive i diskusjonane, og går no til val på at fleire skal få med seg det som skjer på rådhuset.

– Vi ønskjer streaming av kommunestyremøta i kommande periode. Dette for at alle som ønskjer det skal kunne følgje møta utan å måtte møte i kommunestyresalen, heiter det i programmet frå Selje Frp.