Då ordførarar og rådmenn frå Bremanger, Flora og Vågsøy i går møttest for å diskutere ei potensiell kommunesamanslåing på kysten var Bremanger spesielt klare på at det må leggjast store fordelar i dette for dei om det skal vere attraktivt for kraftkommunen.

I Bremanger er 75 prosent av befolkninga innstilt på at kommunen skal stå åleine etter kommunerforma. For å gjere om det på dei fryktar skal bety ei kvalitetsredusering av tenester, vil dei ha noko igjen.

Til Firdaposten antydar rådmann Tom Joensen at Bremanger som kommunesenter er interessant for dei:

– Objektivt sett ser eg at kommunesenteret bør ligge i Florø. Men så lenge eg ikkje kan komme tilbake til Bremanger med konkrete fordelar av samanslåinga, greier eg ikkje selje det inn til mine eigne, sier han til avisa.

Ordførar i Bremanger Audun Åge Røys (H) er heller ikkje udelt entusiastisk.

– Konklusjonen i vår eiga utgreiing er at vi klarer oss veldig godt åleine. Men som alternativ to seglar kystkommunen opp. Då må vi vere med og prate med naboane våre. Så får vi sjå kva vi får ut av det, seier han til NRK måndag.

Ordførarane i Vågsøy og Flora har likevel tru på samtalene, og påpeiker at det er vilje til å fordele goder.

– Vi skal forhandle framover og så kva vi kan einast om. Her må alle gi og ta. Bremanger vil ligge midt i smørauget i ein slik kystkommune, så eg trur oppsida for dei vil vere betydeleg, seier Flora-ordførar Ola Teigen (Ap) til NRK.

Flora stiller også framleis på møta om eit stor-Sunnfjord saman med Førde, medan Vågsøy er komen langt i ein prosesse som inkluderer Selje, Eid og Vanylven.

Neste møte for å diskutere kystalternativet er 11. januar i Flora.