– Vi er glade for dei positive signala Avinor-sjef Dag Falk-Petersen ga då han besøkte Sandane Lufthamn 9. mai. Meldinga frå Avinor-sjefen er klar: Avinor ynskjer å satse vidare på Sandane. No er det opp til alle partar å jobbe saman for trafikkvekst og auka bruk av flyplassen.

Det seier dei lokale representantane som møtte Avinor-sjefen på Sandane lufthamn 9. mai: Ordførar i Gloppen Leidulf Gloppestad, ordførar i Eid Alfred Bjørlo og næringslivs-representant Preben Moen.

Avinor-sjef Dag Falk-Petersen fekk på besøket på Sandane Lufthamn møte alle tilsette på flyplassen, og hadde eit eige møte med kommunar og næringsliv. Her sto vekst-potensialet for flyplassen og betydninga for regionen på dagsorden.

– Avinor-sjefen ga svært positive tilbakemeldingar om drifta av flyplassen og fasilitetane og roste dei tilsette, seier lufthamnsjef Jon Granheim.

Ordførarane Leidulf Gloppestad (Gloppen) og Alfred Bjørlo (Eid) og adm dir Preben Moen på Gloppen Hotell presenterte for Avinor-sjefen det store vekstpotensialet i næringslivet i Nordfjord, og kor viktig flyplassen er for folk og bedrifter. Ein kom på møtet særleg inn på potensialet for vekst i reiselivet, og kor viktig det her er med tett samarbeid mellom kommunar, næringsliv, Avinor og flyselskapa om å ta ut potensialet. Gloppestad, Bjørlo og Moen understreka behovet for å ha føreseielege rammevilkår for flyplassen, å få fleire direkteruter og meir fleksible prissystem.

Avinor-sjefen oppmoda kommunane om å jobbe endå tettare saman med Widerøe om felles strategiar for å auke passasjertalet ved lufthamna. - Utviklinga i passasjertal vil vere det aller viktigaste for Sandane lufthamn si framtid. Flyplassen i seg sjølv er svært godt rusta for framtida, sa Avinor-sjef Dag Falk-Petersen under møtet.

- Vi er allereie i ferd med å ta Avinor-sjefen på ordet. Passasjertala på Sandane så langt i år er gode - omlag 10% høgare enn på same tid i fjor. No gjeld det at vi held oppe og forsterkar trykket på lokalt engasjement for bruk av flyplassen. Med nært føreståande 20-minuttsruter på Lote-Anda blir det snart også endå enklare å bruke Sandane lufthamn for heile Nordfjord, seier Leidulf Gloppestad, Alfred Bjørlo og Preben Moen.