– No har vi spurt folket, og vi har fått eit krystallklart råd. Berre 31 prosent er for, stort klarare går det ikkje an å få det, seier Myklebust, og fortset:

– Dette er eit totalt nederlag for ordførararane og forhandlingsutvalet. Det at dei har valt å ikkje ha samtalar med formannskap eller gruppeleiarar ser ein resultatet av no. Eg lurer på om ordføraren vil avlyse formannskapsmøtet på måndag.

– Det går mykje på geografi og praktisk gjennomføring. Ta for eksempel eit legevaktsamarbeid. Dette er ikkje tenkeleg før ein får bru over Nordfjord og gode vegar. Eg håpar det arbeidet som er gjort ikkje fell vekk, for det vi bør samarbeide om er planarbeidet for å utnytte kysten på ein god måte på sjø og land, seier han.

– Uansett så er dette resultatet så klart at dei feiar ein kvar tvil til side. Denne saka må vere død, seier han.

Flere reaksjoner: