– Vi vurderer å legge ned redningsdykkertenesta, seier dagleg leiar John Sindre Kragset i West Dykkerservice, som endå ikkje har blitt kalla ut på eit einaste redningsoppdrag.

Ein spesialutstyrt redningsdykkarbil og sju fullt kvalifiserte redningsdykkarar frå West Dykkerservice har sidan oktober stått klare til å hjelpe naudetatane i redningsoppdrag. Men snart eitt år etter at det unike redningsteamet blei etablert, har dei framleis ikkje vore ute på oppdrag.

– West Dykkerservice brukar mykje pengar på å ha folk tilgjengelege på kort varsel, men ser ikkje poenget med å gjere det dersom politiet og hovudredningssentralen ikkje er interesserte i bruke tenesta, seier John Sindre Kragset.

I oktober uttalte administrerande direktør Per Kåre Navekvien i West Dykkerservice at dei var frustrert over å stadig bli ståande på sidelinja når det skjedde ulykker og vite at dei kunne gjere ein mykje betre jobb, men utan å få lov, fordi dei ikkje hadde formelt redningsdykkarsertifikat.

Men sjølv med alle papir i orden står framleis det private selskapet på sidelinja.

– Vi har endå ikkje blitt kalla ut til ein redningsaksjon, seier John Sindre Kragset, og legg til at dei kunne vore varsla på tre-fire aksjonar sidan dei blei operative i oktober.

Han dreg fram ulykka utanfor Borgundvågen i Selje kommune, der ein mann omkom etter å ha ramla i sjøen frå båten sin i juli som siste døme.

– Vi var tilfeldigvis 15 minutt unna ulykkesstaden då alarmen gjekk. Vi kunne kanskje ikkje har gjort noko, men det blei sendt redningsdykkarar frå både Førde og Ålesund til staden, seier Kragset.

– Vi blir varsla seint eller ikkje i det heile, fortset han.

Les meir i papirutgåva måndag 12. august.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende