Rådmann i Selje Reidar Sandviknes har søkt om å få slutte som rådmann i Selje kommune.

Nyleg handsama kommunestyret søknaden, og sa ja til den. Det betyr at kommunen no skal jakte på ny rådmann i Selje.

Reidar Sandviknes har vore rådmann i Selje dei siste 17 åra. No har partane blitt samde om at han sluttar i stillinga 31. juli i år.

– Det har ikkje vore noko dramatikk rundt dette. Eg har vurdert det ei god stund, seier Reidar Sandviknes til Fjordenes Tidende.

63-åringen legg til at han no har kome opp i ein alder som tilseier at han burde tenke i andre baner og nemnde at han tenkte på å slutte overfor ordførar Ottar Nygård ved nyttår.

Det er ikkje mange rådmenn som held ut så lenge, smiler han.

Sandviknes går inn i ei retrettstilling frå 1. august. Dette betyr å han trekkje seg tilbake frå ei meir krevjande stilling.

Hard belastning

Sandviknes legg ikkje skjul at det å vere rådmann er ei krevjande stilling.

– Det har vore ei ganske hard belastning gjennom mange år. Så dette er ein sum av belastning, alder og at eg ønsker å prioritere privatlivet meir enn eg har klart til no. Derfor søkte eg retrettstilling, seier Sandviknes.

Over i pensjon

Rådmannen har i vår vore sjukmeld, og er framleis delvis sjukmeldt.

Han forklarar at han snart vil gå over i pensjon.

– Frå nyttår går eg ned til 60 prosent stilling, seier han.

Selje kommune slit med økonomiske utfordringar, og rådmannen blei i kommunestyremøte i mars møtt med eit mistillitsforslag frå Framstegspartiet.

– Har det vore med å påverke avgjerda om å slutte?

– Det har ikkje vore i tankane mine. Eg har eigentleg forholdt meg til eit kommunestyre som har hatt ei anna meining, seier Sandviknes.

Les heile saka i papirutgåva fredag 27. juni.