Saka har tidlegare vore behandla av utvalet, men leiar Olav Horn (Sp) ønskte å få saka opp att som ei drøftingssak etter at det ifølge utvalsleiaren hadde kome fram nye opplysingar knytt til innsparingar.

– Etter at vi fatta vårt vedtak har det kome fram at det har blitt gitt nye oppslysingar om talstorleiken på innsparingar. Det har i seinare tid blitt sagt at ein kan legge på 3 millionar ekstra på innsparing. Vi som tilrådingsutval vil ha dei same opplysingane som andre får, sa Horn.

– Det er vanleg praksis at ein blir informert. Vi kan ikkje påverke vedtaket, men vi kan kvittere ut saka på ein ryddig måte, samanfatta utvalsleiaren.

Også i administrasjonsutvalet har ein peika på manglande informasjon. I eit vedtak gjort i utvalet heiter det at «Administrasjonsutvalet konstaterer at prosessen ikkje har vore god nok når det gjeld drøfting og informasjon til dei tillitsvalde.».

– Enkelte har ikkje vore fornøgde med orienteringar og informasjonen dei har fått i denne prosessen. Kanskje kunne det blitt informert betre. Dette er ei stor og omfattande sak som vi ikkje har oppe kvar dag, men kanskje burde noko vore gjort annleis, seier Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad (Ap) som sit i utvalet.