Bjørn Roger Hennøen i Skavøypoll bur 1,5 kilometer frå fiberhimmelen Måløy vidare- gåande skule, men får ikkje det raske breibandet familien ynskjer seg.

Enivest er i gang med fiberprosjekt i Deknepollen-området, men verksemda vil ikkje byggje ut der Hennøen bur.

– Vi bur i byen, men likevel i eit øydeland når det gjeld breiband. I dag har vi ADSL. Det betyr at vi kan lese nettaviser, men slik nettet har utvikla seg med til dømes Netflix og TV-sjåing for borna gjennom NRK Super, er det ikkje godt nok, seier Hennøen som har born på 10, 6 og 2 år.

– Mykje skulearbeid er nettbasert og treigt nett er ei ulempe.

Negativt svar

Hennøen har engasjert seg i arbeidet med å få fiber til husstandane på Nygård, i Skavøypoll og Evja. Han er tilsett i firmaet NetPartner som driv med sal av mobil, PC og musikkutstyr.

– På jobben i Måløy er det topp breiband sidan alle verksemder i kommunen får tilbod om breiband gjennom Måløy Vekst Fiber. Men det er heilt umogleg å ha heimekontor her. Det er dumt, for det er veldig aktuelt til dømes om borna er sjuke.

Det er ulike leverandørar av fiber i Vågsøy, mellom andre Infonett Røros som dekker sentrale delar av Måløy sentrum og Holvik. Dei er i ferd med å byggje ut på Raudeberg.

– Det er nok grunnen til at Enivest berre har bygd ut i øvre delar av Måløy sentrum. No er dei i gang i Deknepollen, og i samband med det har eg undersøkt sjansane for å få lagt fiber til Nygård- og Skavøypoll-området. Svaret er negativt.

Har søkt Nkom-midlar

– Eg har vore i kontakt med Enivest, dei seier det ikkje er aktuelt å byggje fiber hit på kommersiell basis dei neste tre åra. Dei har råda oss til å søkje Nkom, Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit, om stønad. Denne søknaden må stilast gjennom kommunen, og er no inne til behandling, fortel Hennøen.

Han ventar spent på tilbakemelding, for Nkom brukar ulike kriterium i vurderinga av søknaden.

– Det er heilt ope. På nokon av kriteria kjem vi godt ut, på andre ikkje. No høyrer vi Enivest driv sal av fiber på Tennebø, Kulen og Ivahavet. Vi har tilbydd oss å betale høgare etableringsavgift, men får ikkje bli med. Det er dumt at dei ikkje tek med alle.

Problem over heile landet

– Folk strevar med liknande i heile landet, seier teknisk leiar Torbjørn Os i Enivest.

– Ein ser det på søknaden til Nkom i fjor. Det vart søkt om 654 millionar kroner i stønad og det vart løyvd 110 millionar. Hennøen er utanfor den kommersielle grensa i det prosjektet vi har i Vågsøy for tida. Eg blir kontakta i liknande saker i fylket om lag ein gong i veka, fortel Os.

Han fortel at dei har drive marknadsarbeid i området Kulen, Deknepollen og Tennebø etter påske, og at responsen er god.

– Vi nærmar oss 50 prosent dekning i husstandane, og det er eit tal som normalt gjer at vi set prosjektet i gong. Innover i Skavøypoll er det få hus, og arbeidet med å leggje opp fiber blir for kostnadskrevjande til at det er forsvarleg på kommersiell basis. Heile Deknepollen-området er eigentleg vanskeleg å byggje ut. Det går litt på om vi må grave eller kan leggje kablane i lufta. No har vi teke dei lettaste områda, og er i gang med dei som ikkje er fullt så enkle.

Føreslår dugnad

– Det er veldig bra at folk støttar opp om prosjektet, diverre fell nokon utanfor, seier Os, som forklarer at ein søknad om offentleg stønad går via kommunen til fylkeskommunen, som så set opp ei prioriteringsliste og sender denne inn til Nkom.

– Søknadsprosessen er lang, det kan ta eit par år før prosjektet blir realisert. Når pengane er løyvd går prosjektet ut på anbod, og vi er med i den konkurransen. Os viser til Flatraket der bygdelaget har teke eige initiativ.

– Det er eit alternativ. Folk gjekk i gang sjølv med dugnad og pengar.