– Dette svekkar oss, seier Geir Peder Ueland, dagleg leiar i attføringsbedrifta InVia AS på Nordfjordeid.

InVia og tre andre lokale attføringsbedrifter tapte konkurransen då NAV valde Fretex for sine avklarings- og oppfølgingstiltak i Sogn og Fjordane.

– Dette får konsekvensar for oss. Avklaringstiltak er eit tilbod vi har hatt i mange år, men politikarane har bestemt at dette skal ut på anbod. Vi mister noko vi har hatt i over ti år. Det betyr noko for kompetansen vi har bygd opp. Det er ein nedtur for oss, seier Uelend.

– Dei hadde ikkje eit like godt tilbod som Fretex, forklarer NAV-direktør Tore Thorsnes til NRK Sogn og Fjordane om dei lokale attføringsbedriftene. Fretex var best på kvalitet og pris, men at Fretex per i dag ikkje er til stades i fylket, var ikkje eit kriterium i anbodet.

Roste satsinga

I august i fjor var arbeids- og sosialminster Robert Eriksson på besøk då han opna det nye arbeidssenteret på Nordfjordeid.

Det såkalla LA-bygget er ei nyskapande samlokalisering av ulike tenester og fagmiljø retta mot menneske med utfordringar i og utanfor arbeidslivet. Bygget er ei felles satsing frå InVia og Eid kommune. Statsråden var full av lovord.

– Det ein har fått til her er unikt i norsk samanheng, fordi ein samlar så mange under same tak. Dette er nytt og innovativt, sa statsråden.

No er framtida derimot usikker for InVia.

– Mykje skjer, og vi veit ikkje korleis verda ser ut i tida framover. At vi tapte konkurransen mot Fretex vil svekke oss, men forhåpentlegvis slepp vi å seie opp folk, seier Ueland.

Han er klar på at dei ikkje ønskjer anbodkonkurranse på slike tiltak.

– Det er snakk om menneske i dette. Ved anbod blir det tilfeldig i forhold til kvalitet. No er det lagt opp til fire-årige anbod, og det kan med andre ord kome nye kvart fjerde år som skal gjere jobben. Det burde i så fall vere lengre anbod. Men slik er det med ei blå-blå regjering. No må vi tilpasse oss.

InVia har også andre tenester for NAV.

– Vi er her og held fram med å samarbeide. Problemet kan bli ein del færre tilsette. Og kompetansen vår blir svekka. Vi har ikkje lyst å bli små. Det er problematisk for oss, seier han.

Må legge ned og sparke seks

At NAV valde Fretex for sine avklaring- og oppfølgingstiltak i fylket får også dramatiske konsekvensar for Mona Vekst, som har hovudkontor på Sandane.

– Vi må legge ned avdelingane i Måløy, Nordfjordeid og Stryn, og seks stillingar vert borte. Avdelinga på Sandane opprettheld vi, fortel dagleg leiar Steinar Sægrov.

Han er ikkje glad for at dei tapte konkurransen mot Fretex.

– Dette er ein konsekvens av at attføringstenester blir konkurranseutsett. Slik har verda blitt. Anbodskriteriet har ikkje teke omsyn til det som er bygd opp frå før, men i staden har ein lagt vekt på kva ein tilbyr av tenester i framtida. For oss er det brutalt og dramatisk, men det er mest fortvilande for dei som mister jobbane sine.

Fretex er ikkje etablert i Sogn og Fjordane frå før, og skal no bygge opp avklarings- og oppfølgingstiltak her. I Nordfjord er det lagt opp til tilbod i Måløy og på Eid.

– Dette skal ikkje gå ut over brukarane, men tilbodet vert annleis enn det har vore, seier Sægrov.

Avdelingane vert halde oppe til sommarferien, medan ein del tenester vil halde fram utover hausten før Fretex overtar.