Etter at Marit Krakset (7) fekk sitt eige program på NRK Super, har besøkstalet på Hakallegarden eksplodert.

– Det har vore utruleg mykje folk her i sommar, og vi merkar stor forskjell frå i fjor, fortel Aina Krakset, mor til Marit og arkitekten bak den populære besøksgarden på Hakallestranda.

I byrjinga av 2015 blei den populære serien Marit og dyra, som blei spelt inn på Hakallegarden, vist på NRK Super.

– Vi har fått fantastiske tilbakemeldingar, og hatt besøkjande som kjem ens ærend frå Dovre og Lillehammer, fortel Krakset.

Litt uvant å vere kjendis

– I tillegg er det mange som kombinerer turen hit med ein rundtur på Nordvestlandet, seier Krakset som håpar at innslaga på barne-TV har gitt utslag for fleire.

– Vi håpte at det ville vere med å skape meir aktivitet i heile regionen rundt oss. Eg trur vi har lukkast godt med den tanken.Ifølgje Krakset kan det nokre gongar vere overveldande for Marit at mange føler dei kjenner ho etter å ha sett ho på TV.

– For ei jente på 7 år kan det vere litt vanskeleg å takle å heile tida vere attraksjon, seier ho.

Marit er hestejente og har planar om å bli sprangrytter når ho vert stor. Ho har alltid stortrivast på garden saman med alle dyra, og er no byrja å bli vand med merksemda frå dei mange gjestane som kjem innom.

– Mange er veldig misunnelege på meg, fortel ho.

Ønsker heilårsdrift

Det siste nye på Hakallegarden er ei nybygd løde som gjer at alle aktivitetane kan gå føre seg innandørs. Dermed spelar ikkje lengre det skiftande Vestlandsvêret så stor rolle for drifta av garden.

– Vi investerte mykje og det var litt skummelt, for ein veit aldri. Men vi såg at det måtte gjerast noko om det skulle vere vits å halde fram som besøksgard, og det ønskte vi, seier Krakset. Målet no er å rette seg mot større grupper og bedrifter. Med ulike gardsaktivitetar og matservering i det nye strandhuset, håpar dei å vere ein attraktiv destinasjon for blåturar. Med det ønsker dei å få til ei meir heilårsvennleg drift.

Per no tek garden imot barnehagar og skuleklasser heile året. Likevel er dei avhengige av inntekter frå anna arbeid for å få det til å gå rundt.

– Korleis det vert framover er enda litt uklart, men dyra krev både mat og stell uansett sesong. Det hadde vore moro å leve av garden, seier Krakset, som elskar å ha tunet fullt av folk og dyr.