Martine Røys Fosse (19) frå Kalvåg har vakse opp blant kjelar og gryter i familiebedrifta på Knutholmen. No er ho kokkelærling på ein av Oslo sine finaste restaurantar for å lære meir om mat.

Det er ei smilande jente som tek imot meg på Feinschmecker.

Martine er dotter av Svein Inge Fosse, som starta Knutholmen i Kalvåg for over 20 år sidan. Der er broren Jan Fredrik dagleg leiar, medan Martine no er lærling på beste vestkant i hovudstaden.

Der lagar ho mat til kanskje dei mest kresne restaurantgjestene som finst her i landet.

Spennande

Martine har blitt godt vant, etter eit år i storbyen allereie.

– Eg har vore her som lærling i eit år no, og eg skal vere her fram til neste haust igjen, seier 19-åringen, som før det har bak seg to år på Øyrane vidaregåande skule i Førde.

Vi sit i det aller heilagaste på Feinschmecker, altså kjøkkenet. Der magien blir til.

Martine er audmjuk og ser rundt seg. Vi snakkar så visst ikkje om eit fastfood-kjøkken som lagar mat på samleband.

– Det er veldig spennande. Det var ikkje noko slikt eg hadde førestelt meg då eg starta i dette faget.

Utplassering

Martine vart meir inspirert til å satse i matvegen då Knutholmen etablerte seg for alvor for nokre år tilbake, ein restaurant ho har vore mykje i sidan ho var lita.

– Eg blei veldig inspirert då broren min Jan Fredrik og kona Elisabeth kom heim att til Knutholmen, og det tok seg opp. Det var då eg blei freista til å satse i denne retninga, fortel Martine.

Kokkelærlingen frå Kalvåg hadde utplassering på Feinschmecker for nokre år sidan, då ho gjekk i fyrste klasse på vidaregåande. Det var læraren hennar som foreslo hovudstaden.

– Eg tenkte, ja, ja. Eg kan no kanskje prøve det. Så blei eg tilbode kontrakt på å kome tilbake som kokkelærling etter dei to vekene som utplasseringselev. Det er eg veldig glad for, og eg har vore veldig heldig, seier ho og smiler.

Nærkontakt

Det er litt av ein skule å gå. Og overgongen, frå trygge Knutholmen og skulebenken i Førde, til ein av landets mest kjende Oslo-restaurantar, har vore stor.

– Kvaliteten på maten skal vere høg, og råvarene skal vere heilt ferske. Mat er liksom ikkje berre mat her. Det skal vere så mykje meir, fortel Martine.

Feinschmecker har mellom 80-100 gjester på det meste.

– Det er på ein måte større heime, men det blir litt annleis her. Det blir ein annan kontakt med gjestene her enn eg er van med, mykje tettare. Det er fint å ta med seg vidare, seier ho.

Ser heimover

Den fyrste veka på kjøkkenet hugsar Martine godt.

– Fyrste veka er alltid skummel. Det er ein ny plass, ein stor by og så vidare. Men vi blei godt tekne imot både på jobb og elles, fortel ho.

Skuldrene vart senka relativt raskt.

– Eg fall fort til ro og blei trygg. Vi var ute og åt litt med jobben, og vi blei kjent. Brått vart ikkje Oslo så stort lenger.

Martine likar seg godt i Oslo, og ho planlegg å bli i hovudstaden ei stund.

– Eg trivast godt her, men eg vil jo heim ein gong for å drive Knutholmen i lag med familien min. Før den tid vil eg lære meir, og då er dette plassen å vere. Eg vil kome heim med noko nytt, når eg først vender heimover, fortel 19-åringen.

Tomt kjøkken

Når ein kjem frå havgapet, er det kanskje naturleg at det er sjømaten som ligg hjartet nærast for Martine.

– Eg er veldig glad i sjømat. Eg har fått utvikla det enda meir her, og eg har fått henta inspirasjon og har lært korleis ein set smak på ting for å framheve, fortel ho medan ho førebur stekt piggvar med krema kantarellar til lunsjmat.

Med stødig hand lagar til ho fisken, og kjøkkensjef Vinay Tangen står ved sida av og ser fornøgd ut.

Det går uansett mykje i mat for Martine. Men ho er kanskje ikkje like glad i å ete maten, som å lage den?

– Det er jo kjekt å gå på andre restaurantar for å sjå korleis dei gjer ting. Det å ete sin eigen mat er jo ein heilt annan ting. Kjøkkenet mitt blir ikkje mykje brukt akkurat. Der er det tomt, ler Martine Røys Fosse.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende