I Fjordenes Tidende sitt sommarmagasin, Havsalt Sommer, kan du lese om mange av attraksjonane som finst i ytre Nordfjord, Vågsøy, Selje, Bremanger, Eid og Vanylven.

Magasinet er gratis og er distribuert i heile regionen i papirformat. Det vil også ligge ute i butikkar og på turistplassar.

Havsalt Sommer vil ligge elektronisk tilgjengeleg på Fjordenes Tidende si nettside.

Magasinet fortel om dei mange mulegheitene som fins i ytre Nordfjord og i Sogn og Fjordane.

Les sommarmagasinet her.

I magasinet kan du også sjå mylkje av det flotte du kan oppleve i ytre Nordford.

Ein av dei beste surfeplassane i landet er det ytre Stadlandet i Selje som byr på.

Noko av det som er omtalt i magasinet er Hoddevik på Stadlandet som er staden for surfing både i finvêr og under meir ekstremt vêr sidan stranda er skjerma av dei høge fjella rundt.

Kombinasjonen av god surfing og storslått natur gjer at surfarar frå heile verda finn vegen til Stad for å leike i bølgjene.

Fleire operatørar på staden tilbyr sal og utleige av surfeutstyr, samt kurs.

Det er også mulegheiter til å overnatte i Hoddevik og både surfecampar og yogakurs er verdt å få med seg. Campingplass er det også rett ved sanden i tillegg til eit relativt nytt sanitæranlegg til bruk for bade- og surfegjestar.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende.