I år får 49 barn julegåver og 24 familiar julemat gjennom Pass It On Vågsøy. Det er ti familiar meir enn i fjor.

– Det er i hovudsak barnefamiliar, seier Marianne Kristin Pleym Refvik i Pass It On Vågsøy, som i år hjelper fleire familiar med julefeiringa enn i fjor.

Saman med Tina Torskangerpoll utgjer ho organisasjonen, som sidan november har samla inn gåver til totalt 49 barn og mat til 24 familiar som har det trongt økonomisk i jula. Sist helg, og i god tid før sjølve julaftan, køyrde dei rundt til familiar i heile Vågsøy med julemat og gåver.

– Vi leverer kasser på døra, og så spring vi, smiler dei.

– Det er viktig at dette er anonymt. Vi veit at dei er takknemlege, seier Pleym Refvik.

Dei som treng hjelp til å få endane til å møtest i jula har enten kontakta organisasjonen sjølv, eller så har dei blitt påmelde via andre.

– Vi tek ikkje kontakt med dei vi hjelper. Nokre vil kanskje føle at det er ubehageleg, seier Pleym Refvik.

Ho trur at det kan vere ein høg terskel å be om hjelp.

– Det er kanskje flaut å ta i mot hjelp. Folk skal liksom klare seg sjølve, seier ho, og legg til at det ikkje treng å vere slik.

– Folk må ikkje vere så redde for å ta i mot, seier dei.

Maten og gåvene har dei samla inn ved å setje ut handlevogner i fleire matbutikkar i kommunen, der ein har kunne handla mat og lagt i korga. I tillegg har Bakerie på Bryggja stilt med ei kasse med bakevarer til kvar familie, Europris har gitt hygieneartiklar til alle og JobbPartner/Nor Tekstil har gitt gåvekort på matbutikk for 8.000 kroner. I tillegg har dei hatt eit juletre ståande ved leikebutikken i Måløy, der det har hengt kort med alder og kjønn på barn slik at ein kunne kjøpe ei gåve til dei ulike barna.

– I tillegg fekk vi ei gåve til alle barna frå Røde Kors, og ei dame har laga gåver til alle barna, noko ho også gjorde i fjor, seier Pleym Refvik.

Dei er svært takknemlege for alle som har bidrege.

– Folk er veldig positive. Frelsesarmeen brukar også gjere noko ekstra for folk som treng det i høgtida.

– Vi skal ikkje konkurrere med dei. Men eg trur at vi når ut til ei anna gruppe, seier Pleym Refvik.

Fakta

Pass It On Vågsøy blei starta av Marianne Kristin Pleym Refvik og Tina Torskangerpoll i fjor. Dei samlar inn julegåver og julemat til familiar i Vågsøy som har det trongt økonomisk. I fjor samla dei inn til 14 familiar og totalt 45 personar. I år har dette auka til 24 familiar og totalt 93 personar.

Samarbeider med kommunen

– Mange av dei som får hjelp med oss, spør ikkje om det sjølv, seier Tommy Høgset i Frelsesarmeen.

Kommunen melder frå om familiar som kan ha behov for litt ekstra hjelp i jula. Frelsesarmeen, her ved Inger Margrethe O. Furnes, Tommy Høgset og Finnur Kristinsson leverer deretter på kommunen.

Frelsesarmeen i Måløy hjelper folk som treng det året gjennom, og før jul har dei i år stilt opp litt ekstra for 40 familiar. 55 vaksne og 67 barn.

Gjennom innsamling i julegryta kjøper Frelsesarmeen inn ein matpose med julemat og julegodteri.

– I tillegg har vi frivillige som strikkar nye kle til barn. Og så får barnefamiliar gåvekort på Cubus og/eller leikebutikken og på matbutikk, fortel Høgset. Posane leverer dei på kommunen slik folk kan hente den der.

– Det er gjerne familiar som ikkje forventar å få noko. Og det er gjennom helsestasjonen eller barnevernet at kommunen ser eit behov og formidlar til oss at det er familiar som treng ei ekstra merksemd, påpeikar Høgset.

At dei har samarbeidd med kommunen, og at det derfor blir heilt anonymt, trur Høgset gjer at det blir lettare for folk å ta imot hjelp.

– Eg opplever at folk ikkje har lyst å ta imot, fordi dei tenker at det er andre som treng det meir enn dei . Terskelen er nok høg, men eg trur den blir mindre når ein får det gjennom kommunen, seier Høgset, og rosar samtidig arbeidet som Pass It On Vågsøy gjer.

– Alt er ein bonus

Frelsesarmeen har hatt ståande julegryte både i Måløy og Eid, og det som kjem inn dannar grunnlaget for hjelpa som armeen gir gjennom heile året. I fjor fekk dei inn nær 189.000 kroner ved grytene, men korpsleiar Tommy Høgset trur ikkje at ein når så langt i år.

– Men det er jo ei lita veke som står igjen, sa han tysdag.

– Alt vi får inn er uansett ein bonus. Det er jo ingen som treng å legge noko i gryta, legg han til.

– Vi har hatt mange permitteringar i vår kommune i år, og folk har det kanskje litt trongare, trur han.

I tillegg til å hjelpe 40 familiar i år med julemat og gåver, går pengane også til andre ting.

– Vi deler ut kinobillettar, gåverkort på kle, matutdeling har vi kvar tysdag. Vi jobbar jo etter «suppe, såpe og frelse», mat er ein bare del av dei mennesklege behova folk har, seier han.