– Vi tenkjer havbruk døgnet rundt, seier gründerane Thomas (22) og Runar (20) Leirgulen, som står bak firmaet Havbruksutstyr AS i Rugsund.

– Viss vi vil, får vi det til. Det er no vi har sjansen til å prøve, meiner gründersøskenbarna, som har flust av idear dei vil sette ut i livet.

Dei har vakse opp eit steinkast frå hjørnesteinbedrifta K. Strømmen, der dei også jobbar til dagleg. Det skal dei framleis.

- Det er der vi ser kva som skjer. Det er ei spennande næring. Havbruksutstyr skal vi byggje opp på si, og målet er å tilsette to-tre som kan ta seg av den daglege drifta og avlaste oss, medan vi klekkjer ut nye idear, seier dei.

Lever for havbruk

Det er gjennom jobb hos lakseopprettarar dei har sett og irritert seg over problem som ikkje fungerer heilt optimalt.

– Det er ikkje mangel på gründeridear. Vi er løysingsorienterte, og meiner vi kan kome med noko som gir betre resultat enn i dag, meiner dei.

– Vi tek tak i ting som næringa meiner ikkje er bra nok. Samtidig treng vi meir openheit og samarbeid i næringa, for å få ei betre havbruksnæring. I dag er det litt slik at om nokon finn noko bra, så skal ein helst ikkje seie det til andre, seier Runar.

Dei er lidenskapeleg opptatt av berekraftig utvikling.

– Vi har eit brennande engasjement for havbruksnæringa, seier Thomas.

– Det går i havbruk, utvikling og framtid. Folk i bygda er innforstått med at vi er frelst innan havbruk, smiler Runar.

Takknemlege for hjelp

Dei lovprisar hjelpa dei har fått.

– Hadde det ikkje vore for hjelp frå folk med kompetanse, som har valt å bistå oss, så hadde vi ikkje oppnådd det vi har. Vi har ikkje fagleg utdanning på området, men har stor erfaring elles, seier dei.

Gründerane er ueinige i bruk av miljøgifter i oppdrettsnæringa, og jaktar etter produkt som gjer oppdrettsnæringa miljøvenleg.

– Tidlegare vart det brukt meir, men fleire og fleire jobbar for ikkje-medikamentell behandlingsmetode i oppdrettsnæringa. Kjemikaliar er siste løysing. Vi jobbar for ei meir bærekraftig næring. Målet er at ein ikkje skal bruke kjemikaliar i det hele, seier dei.