Med det gode vær kom makrellen tilbake, og no ligg makrelldorgarane i kø for å levere i Kalvåg.

Men det spesielle i år er at det var full stopp i fisket i september. Mange makrelldorgarar gav opp og reiste heim. Men dei som heldt ut får no gode fangstar av stor og fin makrell. Dei må langt ut, dei gode fangstane tek dei no i områda rundt Oseberg- og Gullfaksplattformene. Det gir ei gangtid på rundt ti timar for sjarkane frå feltet og inn til Kalvåg.

Den siste veka er det, ifølgje sildelaget, omsett følgjande mengder makrell ved anlegga:

  • Pelagia Måløy (3.780 tonn)

  • Pelagia Selje (2.980)

  • Maaløy Seafood (1.566)

  • Pelagia Kalvåg (451).