For å posisjonere seg mot dei større anboda som kjem, har seljeverksemda Paneda etablert Paneda Tech AB i Sverige, med det ypparste innan ingeniørkompetanse.

– Det vi ventar no er store anbod frå Statens vegvesen på oppgradering av kringkastinga på mellom 100 og 150 tunnelar det næraste halvåret. Det er det vi spesielt er på jakt etter, seier administrerande direktør Geir Gjørsvik i Paneda DAB.

Før 2019 skal 500 tunnelar i Norge ha tilsvarande system.

– Og så kjem Europa som skal ha system i fleire tusen tunnelar, seier Gjørsvik.

Paneda DAB har utvikla spesielle løysingar for kringkasting med innbaka overvaking i tunnelar. Gjørsvik viser til at dei jobbar innanfor ei smal nisje, men at dei no har ein sterk posisjon der.

– Vi sit på kompetansen. Vi har over fleire år hatt samarbeid i Korea, og saman med svenskane vi har tilsett, er det samla sett ingen selskap i Europa som har så sterk kompetanse innanfor denne teknologien, meiner Gjørsvik. Paneda-gruppa består av Local Digital Holding, Paneda, Paneda Management og Paneda DAB

Dei hadde i 2013 ei samla omsetning på over 38 millionar kroner, med eit resultat før skatt på nær 11 millionar kroner.

For 2012 viste tala ei omsetning på 34 millionar med eit resultat før skatt på 8,5 millionar kroner.

Les meir om Paneda i papirutgåva onsdag 13. august.