Fleire reiarlag frå Vågsøy og Bremanger har gått saman og har etablert eit selskap som skal forske på og utvikle nytt agn til lineflåten.

– Dette er nybrotsarbeid og ei viktig satsing for linefisket, seier Kåre Furnes.

Han er styreleiar i det nye selskapet, Eco Bait, som vart etablert i Måløy denne veka.

Han har vore ein av pådrivarane for det nye selskapet som no altså er oppe å gå.

Furnes seier selskapet har som mål å utvikle eit nytt agn til linefisket som baserer seg på avfallet som blir om bord i linebåtar når fangsten er reinsa.

– Det handlar om avskjer som slog og fiskerestar som er når fisken er reinsa. Målet er å bruke dette til å lage nytt agn. Vi tenker både produksjon av agnet om bord, og på eit anlegg på land, seier Furnes.

Han fortel at det er søkt om pengar til forskinga der ein skal bruke både kunnskap og erfaringa som allereie finst på dette området.

Furnes seier dei vil ta med seg erfaringane som er i næringa, og håpar på sikt det kan bli produksjon av ny type agn gjerne plassert i Måløy.

Bak det nye selskapet står Furnes sitt reiarlag, Atlantic Seafish pluss reiarlaga Carisma, Sjøvær, Havstjerna og Keltic. Dette er lokale reiarlag frå vår region. I tillegg er det med to reiarlag frå Nord-Norge, Eskøy AS og Nordeng AS, pluss Fiskernes Agnforsyning i Tromsø.

Heile saka står i papirutgåva fredag 4. oktober.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende